Spikking på Tingvoll

Spikking er alltid moro, i år laga vi kakepinne og sprettert. For å sikre at ammunisjonen ikkje vart for farleg, vart det filta ull rundt steinane som skulle ligge i veska.

Nyhet fra

Ferieklubb på Tingvoll

Ferieklubb på Tingvoll

Kvar sommar er det ferieklubb på Tingvoll. Tingvoll Husflidslag og Tingvoll museum samarbeider om å gje born frå 3. klasse og oppover ei veke der historie og husflid går hand i hand.

Sommaren 2015 handla mykje om ull. Vi brukte stoffprøver frå Sellgren ullvarefabrikk, som dette året har 100 årsjubileum, men dessverre er fabrikken no nedlagt. På desse stoffbitane vart det nålefilta og brodert, med både knappholsting og franske knutar! Til sist vart to stoffbitar sydd saman til ei hendig veske, der band frå Møre bånd vart brukt som kanting og skulderreim.

#Prosjekteksempel

Publisert 11. desember 2015

Top