Nynorskkondomer

Nynorsk beskyttelse

Nyhet fra

Nynorskkondomer

Prosjekteksempel: Dette får du når en kondomtrykkidédugnad støttes med Frifondmidler.

Nynorskkondom har vore noko det har blitt snakka om ei stund i Norsk målungdom, men det måtte ein kondomtrykkidédugnad mellom Studentmållaget i Stavanger og Studentmållaget i Bergen til for å starta prosessen skikkeleg. Ein av hovudgrunnane til at me synest det var ein god idé å kjøpa inn kondom, var alle moglegheitene det fanst for morosame trykk utanpå kondompakningane. Etter kondomtrykkidédugnaden valde Studentmållaget i Stavanger til slutt tre ulike design, basert på Ivar Aasen-sitat som kan lesast med dobbel botn. Viss ein ser godt etter på kondompakningane vil ein også finna skjulte skattar i form av innmeldingsinformasjon og andre morosame utsegner.

Ikkje lenge etter at kondoma hadde kome i posten, skulle me arrangera eit medlemsmøte. Eg var i ei førelesing rett før møtet og hadde med meg mange av dei rykande ferske kondoma. I ein pause i førelesinga hadde mange gått ut av førelesingssalen, og eg nytta sjansen til å leggja kondom på alle pultane. Då studentane kom tilbake var det mange av dei som drog på smilebandet, og fleire lurte på kvar kondoma kom ifrå. Eg fortalde då om studentmållaget og inviterte alle med på møte etterpå. Nokre blei med, og me enda opp med å få fleire nye medlemer den kvelden, mykje takka vera kondoma.

#Prosjekteksempel

Publisert 11. desember 2015

Top