LNU har flere ganger reist på studietur til Balkan, sammen med flere av våre medlemsorganisasjoner.

Ikkje lenger støtte til Balkan

LNU Demokratimidla støttar ikkje lenger prosjekt på Balkan.

I november i fjor vart Regjeringa samd med støttepartia om ein budsjettavtale etter mykje høglydt debatt. Mange av dei føreslåtte kutta var av populære støtteordningar, men dei mest kontroversielle kutta vart reverserte. Et av kutta som diverre vart ståande, gjekk utover LNU Demokratimidla.

Frå og med 2016 vil det difor ikkje lenger vera høve til å søkja om støtte til prosjektarbeid på Balkan gjennom LNU Demokratimidlene.

– Sterke sivilsamfunn bidreg til fredelege, demokratiske samfunn. Stortingsfleirtalet set med dette eit sørgjeleg punktum for LNU sitt engasjement på Balkan – eit engasjement som strekk seg attende til forløparen til LNU på 60-talet, seier generalsekretær i LNU, Martin Ulvestad Østerdal.

#balkan #demokratimidlene #regjeringen

Publisert 12. januar 2016

Kontaktpersoner

  • Erik Schreiner Evans

    Internasjonal rådgiver, LNU Demokratimidlene

    23 31 05 83
    erik@lnu.no

Top