Her er hele studietur-gjengen foran den norske ambassaden i Kiev. Foto: Timme Ellingjord

Oppdatering om LNU Demokratimidlene for 2017

Frist for å søke støtte frå LNU Demokratimidlene er 19. april.

LNU Demokratimidlene har normalt blitt finansiert av Utanriksdepartementet gjennom treårige avtaler med LNU. Den førre avtalen varte t.o.m. 2016. Sidan førre søknadsrunde, har UD gjort ei rekke endringar på finansieringa, noko som mellom anna har medført at ordninga har fått eit spissa geografisk omfang. Ein har også lagt ned finansieringsmekanismene som LNU har motteke pengar frå, og lagt opp til ei meir særskilt vurdering av alle søknader i tråd med føringane som ligg statsbudsjettet.

Søknaden ikkje handsama

I november 2016, søkte difor LNU om ny treårig avtale frå og med 2017 til og med 2019 på desse nye premissa. Denne søknaden har endå ikkje blitt handsama. UD har, etter at søknaden frå LNU vart sendt inn, vedteke å oppretta ei ny finansieringsmekanisme for 2017. Rammene for denne er enno ikkje annonserte, men skal i følgje departementet bli utlyst innan få dagar. Vedtak om støtte frå Utanriksdepartementet til LNU er difor ikkje venta å være endeleg før etter påske.

Me kan ikkje lysa ut LNU Demokratimidlene før me har eit endeleg og positivt svar frå UD. Sidan dette no ser ut til å drøya til om lag påske, ser LNU seg nøydde til å setja 19. april som frist for LNU Demokratimidlene 2017.

Les meir om LNU Demokratimidlene her.

#demokratimidlene #støtteordning

Publisert 14. februar 2017

Kontaktperson

  • Erik Schreiner Evans

    Internasjonal rådgiver, LNU Demokratimidlene

    23 31 05 83
    erik@lnu.no

Top