Nyhet fra

Bli med på sommarleir og kjønnsmangfoldsleir!

24.-27. juli eller 31. juli til 6. august kan du bli med Skeiv ungdom på sommarleir.

Vil du oppleva ei veke fri for fordommar mot ulike seksualitetar og kjønnsidentitetar, eller kanskje du kjenner nokon som gjer? Då er det berre å melda seg på Skeiv Ungdoms sommarleir Jafnadhr eller kjønnsmangfoldsleir!

Kva er Jafnadhr?

Jaffis, som mange kallar leiren, er Skeiv Ungdoms sommarleir for alle som vil ha ei kjekk sommarveke fylt med fridom og mangfold. I år vert leiren på Gullsrud leirsted i Buskerud 31. juli til 6. august. I tillegg til knakande bra show og føredrag gjennom veka, kan du melda deg på ein valfri workshop med tema som politikk, sport, musikk og leik og moro. Meir info og påmelding finn du her.

Kva er kjønnsmangfoldsleiren?

Ungdom som er trans, intersex eller bryt med kjønnsnormene kan melda seg på kjønnsmangfoldsleiren, som finn stad på Lunde leirsted 24. til 27. juli. Her blir det foredrag om tema spesielt viktige for oss, som juridisk kjønn og rettar og hormonbehandling. I tillegg blir det frivillige samtalegrupper og mykje leik og anna moro. Meir info og påmelding finn du her.

Så, ikkje nøl med å bli med oss på leir! Alle er hjarteleg velkomne, både medlem og ikkje-medlem.

#medlemsnyheter #medlemsorganisasjon #skeiv #sommerleir #ungdom

Publisert 23. mars 2017

Topp