Foto: European Youth Forum

LNU sin europeiske paraply kjempar for LHBTQI-rettar

Har vedteke resolusjonar om rettane til skeive i Tyrkia og Tsjetsjenia.

I april deltok LNU på generalforsamling i vår europeiske paraplyorganisasjon, European Youth Forum – YFJ. Her jobba me med ei rekke politiske spørsmål knytt miljø, deltakande demokrati, røysterett for 16-åringar, rammevilkår for sivilsamfunn og andre områder som er viktig for eit Europa som ivaretek interessene til barn og unge.

YFJ arrangerer slike møter normalt to gonger i året. Denne gongen vart det eit særskilt fokus på rettane til LHBTQI-personar i Tyrkia og Tsjetsjenia.

Skeive rettar

Den snart eit år lange unntakstilstanden i Tyrkia har medført ei sterk forverring av skeive rettar, står det i resolusjonen. Kritikk av styresmaktene har generelt blitt vanskelegare, noko myndighetane mellom anna har nytta til å forby Pride-parader, sensurere skeive publikasjonar, bruk av politivold og manglande vern mot ekstremistiske grupperingar. Du finn heile resolusjonen om Tyrkia nederst på denne sida. 

Tsjetsjenske styresmakter har satt i verk ein kampanje for å arrestera, torturera, audmjuka over hundre menn mistenkt for å vera homofile eller bifile, heiter det i resolusjonen. Samstundes snur dei føderale styresmaktene i Moskva det blinde auget til. YFJ meiner det er viktig at det blir sikra ei rettvis gransking. Les heile resolusjonen her.

YFJ har vedteke at dei meiner det er viktig at menneskerettane ikkje blir brutt, og at rettane til skeive i både Tsjetsjenia og Tyrkia blir sikra, mellom anna gjennom å oppfordre til å støtte organisasjonar som jobbar for skeive rettar i Tyrkia og Tsjetsjenia. 

#Europa #rettigheter #YFJ

Publisert 26. april 2017

Kontaktpersoner

  • Erik Schreiner Evans

    Internasjonal rådgiver, LNU Demokratimidlene

    23 31 05 83
    erik@lnu.no

Topp