Demokratimidlene evaluert

LNU si forvalting av Demokratimidlane er god og prosjekta som får støtte bidrar til støtteordninga si målsetting. Samtidig er det rom for å utvikle støtteordninga vidare. Det er hovudkonklusjonen etter at Fridtjof Nansens Institutt (FNI) har gjennomført ei ekstern evaluering av Demokratimidlane.

Sidan har januar har forskar Pål Skedsmo ved FNI lest seg gjennom søknadar, rapportar og vedtak gjort av LNU i perioden 2000 – 2007. Han har gjennomført 27 intervju og vitja ei rekke prosjekt i Aust-Europa. Onsdag 8. oktober presenterte han resultata av arbeidet sitt for brukarane av Demokratimidlane på LNU sitt brukarseminar.

Forvaltinga er god

Ein del av mandatet til Skedsmo var å sjå på LNU si forvalting av støtteordninga. LNU har delt ut pengar til barne- og ungdomsorganisasjonane sine prosjekt i Aust-Europa i 14 år, men det er fyrste gongen det vert gjort ei ekstern evaluering av det arbeidet LNU gjer. Skedsmo peika i sin presentasjon på at det ligg ein tydeleg meirverdi i at LNU administrerer Demokratimidlane. Dette skuldast både at LNU har god kompetanse på organisasjonsutvikling og kompetansebygging og at LNU i si sakshandsaming legg vekt på grundige attendemeldingar og tilbod om rettleiing gjennom heile prosjektprosessen.

Rom for utvikling

LNU har i løpet av den perioden som skulle evaluerast spissa målsettinga for Demokratimidlane. Dette er ei utvikling evalueringa peiker på som positiv og naudsynt, men dette har samstundes skapt nye utfordringar. Skedsmo peika på at LNU har ei utfordring når det gjeld å kommunisere til organisasjonane kva som ligg i omgrepet ”organisasjonsutvikling”. Han meinte at sjølv om dei fleste organisasjonane er einige i målet om organisasjonsutvikling så eksisterer det ei usemje mellom LNU og enkelte organisasjonar om kva verkemiddel som er effektive for å nå dette målet.

Viktig for vidare arbeid

Nestleiar Lene Haus tok i mot rapporten på vegne av LNU. Ho peika på at evalueringa vil vere viktig for LNU sitt arbeid med å vidareutvikle seg som forvaltingsorgan og gjere Demokratimidlane enda meir målretta og tilpassa organisasjonane sine behov.

Last ned evalueringsrapporten frå FNI (PDF)

LNU, Øvre Slottsgate 2B, NO-0157 Oslo. Tel: (+47) 23 31 06 00. Fax: (+47) 23 31 06 01.
E-post: lnu@lnu.no. Nettredaktør: Niklas Lello. Sidene er utviklet med støtte fra Norad.
Organisasjonsnummer: 971 435 739. Personvern