
1. juni
Søknadsfrist: LNU Mangfold og inkludering
1. juni
Søknadsfrist: LNU informasjonstøtten Nord/Sør
1. juni
Søknadsfrist: LNU Midtøstenmidlene
10. september
Klimautfordringane er kompliserte og omfattande, ikkje minst fordi følgjene ofte rammar urettvist og skeivt. I dette biletet er barn og unge den mest utsette gruppa, men samstundes også nødvendige endringsaktørar i arbeidet med gode løysingar og konkrete tiltak. Reell deltaking og rom for bidrag frå ungdom er også eit spørsmål om demokratisk legitimitet. Kvar femte person i verda er mellom 15 og 24 år. Heile 85 prosent av desse bur i Sør.[1]
Artikkel 6 i Klimakonvensjonen gjeld mellom anna barn og unge sin rett til utdanning i og deltaking i arbeid med klimaspørsmål. Artikkelen vektlegg den viktige rolla ungdom har i kommunikasjon kring miljø- og klimaproblem, og opnar for finansiell støtte til informasjonsarbeid og aktiv deltaking i vedtaksprosessar. Barn og unge verda over er medvitne om ansvaret for framtida, og vi treng kunnskapen deira for å skape ei berekraftig utvikling. Derfor må Noreg må ta ei leiande rolle internasjonalt for å setje i verk og praktisere Artikkel 6, og slik sikre ung leiarskap som ein del av ein berekraftig og langsiktig klimapolitikk.
Barns beste, retten til liv og utvikling og retten til ein trygg oppvekst står på lik linje med retten barn har til å bli høyrt og få delta i avgjersler som vedkjem dei. Når barn og unge vert ramma av klima- og miljøendringar må vi sjå til at Barnekonvensjonen og retten på tilpassa vern ikkje går i gløymeboka. Barn og unge er i ein spesielt sårbar situasjon når natur- og samfunnsforhold endrar seg. Menneske som vert drive på flukt grunna klimarelaterte naturkatastrofar har ikkje noko krav på vern dersom dei forlèt landet sitt. Denne situasjonen er uhaldbar. Barn må få oppfylt retten til vern også når dei er på flukt.
Barne- og ungdomstinget krev at miljø- og utviklingsministeren
[1] UN, Youth and the United Nations: FAQ http://www.un.org/esa/socdev/unyin/qanda.htm
LNU, Øvre Slottsgate 2B, NO-0157 Oslo. Tel: (47) 23 31 06 00. Fax: (47) 23 31 06 01.
E-post: lnu@lnu.no. Nettredaktør: Niklas R. Lello. Sidene er utviklet med økonomisk støtte fra Norad.
Organisasjonsnummer: 971 435 739 Personvern