Forenkling og avbyråkratisering

LNU arbeider for å forenkle og avbyråkratisere samhandlinga mellom styresmaktene og barne- og ungdomsfrivilligheita.

LNU-rapporten Sårbar Frivillighet dokumenterte i 2011 at lite hadde skjedd med løfte frå to regjeringserklæringar (2005, 2009) og den såkalte frivilligheitsmeldinga  (2007).

Forenklingsprosjektet

I kjølvatnet av at rapporten var tema i spørjetimen i Stortinget, vart LNU invitert av Kulturdepartementet til å delta i eit forenklingsprosjekt. Innan hausten 2011 skal departementet i samarbeid med LNU ha gjennomgått alle statlege støtteordningar som er opne for barne- og ungdomsorganisasjonane, og kome med forslag til forenkling og avbyråkratisering for organisasjonane. For LNU er målet å få gjennomslag for flest muleg av våre forslag til forenkling.

Frivilligheitsregisteret

Frivilligheitsregisteret vart etablert i 2008 som eit register underlagt dei statlege Brønnøysundregistra. Ideen kom frå frivillig sektor, mellom andre LNU, og ein ønskte eit offentlege register for frivillige organisasjonar som var enklare og meir målretta enn Einingsregisteret, og som kunne fungere som eit knutepunkt for opplysingar om organisasjonane. Registeret er i 2011 framleis langt unna å ha dei funksjonane frivilligheita krevde, eller dei funksjonane som er fastlagde i lova om frivilligheitsregisteret.

Våren 2011 fekk LNU saman med Noregs Idrettsforbund og Frivillighet Norge løyvd pengar til eit pilotprosjekt for å utvikle metodar for å integrere organisasjonars ulike medlemssystem med Frivilligheitsregisteret. LNU arbeider aktivt for at Frivilligheitsregisteret skal bli eit nyttig reiskap for barne- og ungdomsorganisasjonane.

LNU meiner:

  • at det må bli etablert ein felles søknads- og innrapporteringsportal i tilknyting til Frivilligheitsregisteret, for alle nasjonale støtteordningar, inkludert prosjektstøtte
  • at alle statlege støtteordningar så langt som råd må ha felles definisjonar av omgrep som lokallagkursmedlem m.v.
  • at alle nasjonale støtteordningar må ha felles og forenkla søknads-, rapporterings- og revisorkrav, så langt som råd
  • at det generelt må bli færre krav til dokumentasjon for lokale og regionale ledd, parallelt med standardiserte krav til kontrollrutiner for sentralledda
  • at relevant regelverk må endrast slik at tillitsvalde under 18 år på ein ubyråkratisk måte kan disponere bankkonto på vegner av lokallaga

Meir informasjon:

LNU, Øvre Slottsgate 2B, NO-0157 Oslo. Tel: (47) 23 31 06 00. Fax: (47) 23 31 06 01.
E-post: lnu@lnu.no. Nettredaktør: Ole Bruseth. Sidene er utviklet med økonomisk støtte fra Norad.
Organisasjonsnummer: 971 435 739     Personvern