Betre levekår for barn og unge

Barnekonvensjonen slår fast at alle barn har rett til god levestandard slik at dei får delta, utvikle og utfalde seg slik de ønskjer. Difor jobbar LNU med saker knytt til barn og unges levekår både i Noreg og internasjonalt. 

Aktiv fritid

Mange barn og unge i Norge manglar gode fritidstilbod fordi foreldra har dårleg økonomi. LNU meiner at barn og unge har rett til ei aktiv fritid, og jobbar for at alle skal ha råd til å delta i fritidstilbod der dei bur. Barne- og ungdomsorganisasjonene skaper rimelege fritidstilbod, men sjølv små medlemskontingentar og eigenandelar kan hindre nokre barn og unge i å delta. Gjennom samarbeid om ulike tilbog og tilskotsordningar, kan kommunene og barne- og ungdomsfrivilligheita saman skape betre oppvekstvilkår for alle. 

Ung leiarskap og deltaking

LNU jobbar for at ungdom skal bli anerkjend som endringsaktørar i utviklings- og klimapolitikk, ikkje berre bli sett på som målgruppe for ulike tiltak. LNU jobbar difor for å sikre unge si deltaking både lokalt og i internasjonale fora. Ein viktig del av dette arbeidet er å sikre faste ungdomsdelegatar i internasjonale forhandlingar som vedkjem barn og unge. 

I arbeidet mot hiv og aids er det viktig å sikre ung leiarskap. 40 prosent av dei som blir smitta av hiv er unge menneske. Ungdom er ekspertar på eigne liv, men likevel blir ungdom ofte berre ei målgruppe i arbeidet med hiv. Skal vi snu hiv-pandeminen, er infomrasjon, kunnskap og innsats frå unge avgjerande. Ungdom Nord og Sør må difor få delta i både nasjonale og internasjonale strukturar og dei må sikrast innverknad når avgjerer skal takast. 

Stadig oftare blir levekåra og bumiljøet for barn og unge forverra av miljø- og klimaendringar, spesielt i det globale Sør. Internasjonale konvensjonar gir barn og unge rett til vern og rett til å delta i klimakampen. LNU krev at Noreg tek ansvar for desse rettane, nasjonalt og internasjonalt

LNU, Øvre Slottsgate 2B, NO-0157 Oslo. Tel: (47) 23 31 06 00. Fax: (47) 23 31 06 01.
E-post: lnu@lnu.no. Nettredaktør: Ole Bruseth. Sidene er utviklet med økonomisk støtte fra Norad.
Organisasjonsnummer: 971 435 739     Personvern