
24. mai
Kurs: Hva skjer på Balkan?
1. juni
Søknadsfrist: LNU Mangfold og inkludering
11. september
1. oktober
Søknadsfrist: LNU Mangfold og inkludering

Barn og unge er ekspertar på eigne liv, og har rett til å påverke sin eigen livssituasjon og kvardag. LNU jobbar for at barn og unge skal få meir makt og fleire mulegheiter til medverknad, lokalt, nasjonalt og globalt.
LNU var ein av pådrivarane for Ungdommens maktutredning. I desember 2011 legg eit offentleg utval fram den ferdige utgreiinga om ungdoms makt og deltaking i Noreg, og LNU følgjer arbeidet tett.

LNU meiner at 16- og 17-åringar bør få røysterett, for å gje unge betre mulegheiter til å påverke saker som vedkjem dei i kvardagen, der dei bur. Grunnskolen skal etter formålsparagrafen gje den nødvendige opplæringa for å delta i demokratiet. Erfaringane og kunnskapane til 16- og 17-åringar er like viktige som erfaringane og kunnskapane til andre veljargrupper. Aktivt medborgarskap og valdeltaking er noko ein må lære. Ungdom bør derfor få mulegheit til å delta i sitt første val medan dei fleste framleis er i ein læringssituasjon i lokalmiljøet.
LNU jobbar gjennom kampanjen Stem1209 for at fleire unge veljarar skal bruke røysteretten sin. Unge røyster trengst for å få betre avgjerder i kommunestyre, fylkesting og på Stortinget. Vedtaka som blir fatta der handlar om skole, helse, samferdsle og arbeidsplassar. Valet kan derfor endre kvardagen for barn og unge der dei bur, og tilhøva for dei lokale barne- og ungdomsorganisasjonane. Og om du ikkje bruker stemmeretten din er det andre som stemmer for deg.
LNU, Øvre Slottsgate 2B, NO-0157 Oslo. Tel: (47) 23 31 06 00. Fax: (47) 23 31 06 01.
E-post: lnu@lnu.no. Nettredaktør: Ole Bruseth. Sidene er utviklet med økonomisk støtte fra Norad.
Organisasjonsnummer: 971 435 739 Personvern