Betre økonomiske rammevilkår


LNU jobbar for å betre dei økonomiske rammevilkåra til barne- og ungdomsorganisasjonane slik at dei kan skape fleire og betre fritidstilbod for barn og unge over heile landet. 

Blant dei økonomiske rammevilkåra LNU jobbar med er:

Statsbudsjettet er viktig

Både grunnstøtta, momskompensasjonsordninga, Frifond og fleire av LNUs støtteordningar får løyvingar over statsbudsjettet. Budsjettet blir lagt fram i oktober, og her fortel regjeringa kva slags tiltak og saker ho vil prioritere økonomisk det komande året. Kvart år gjennomgår LNU statsbudsjettet, og kommenterer dei postane som er mest relevante for medlemsorganisasjonane. 

Frifond blir også finansiert av overskotet frå Norsk Tipping. LNU jobbar derfor også med den såkalla tippenøkkelen og spelmonopolet.

LNU, Øvre Slottsgate 2B, NO-0157 Oslo. Tel: (47) 23 31 06 00. Fax: (47) 23 31 06 01.
E-post: lnu@lnu.no. Nettredaktør: Ole Bruseth. Sidene er utviklet med økonomisk støtte fra Norad.
Organisasjonsnummer: 971 435 739     Personvern