Politisk påverking: Lobbyarbeid og høyringar

Eit kurs for små og mellomstore organisasjonar som vil nå ut med og få gjennomslag for standpunkta sine, gjennom å påverke politikarar, byråkratar og opinionen.

Praktisk informasjon

Kurs - Politisk påverking: Lobbyarbeid og høyringar
Passer for alle
tirsdag 11. september kl 09:00 - 14:00
HVOR: LNU
PRIS: Gratis
PÅMELDINGSFRIST: 8. september
TEMA: Informasjonsarbeid og interessepolitikk

Kurset er ein kombinasjon av førelesing med rom for spørsmål undervegs, diskusjon i plenum, og praktiske oppgåver. Kom gjerne med innspel i forkant dersom du har spesielle tema, eller en konkret sak din organisasjon jobbar med som du gjerne vil ta opp og bruke som eksempel.

På kurset lærer du

  • Innføring i politisk påverkingsarbeid for små og mellomstore interesseorganisasjonar
  • Kven må du snakke med, og når? Rammevilkår for lobbyarbeid i 2012/2013
  • Lobbyverksemd i praksis – Kven, når og korleis?
  • Korleis jobbe med skriftlege høyringssvar og innlegg på munnlege høyringar?

Kurset passar for deg som har ansvar for politikkutvikling, politikarkontakt og pressearbeid i små eller mellomstore organisasjonar, og har inga eller lita erfaring med politisk påverkingsarbeid.

Kursholdere

Rådgjevarar med lang erfaring frå interessepolitisk arbeid i og utanfor LNU leier kurset. Vi får også besøk av ein stortingspolitikar som fortel om lobbyarbeid sett frå den andre sida av bordet.

10. september, kl. 09-14

LNU, Øvre Slottsgate 2B, NO-0157 Oslo. Tel: (47) 23 31 06 00. Fax: (47) 23 31 06 01.
E-post: lnu@lnu.no. Nettredaktør: Ole Bruseth. Sidene er utviklet med økonomisk støtte fra Norad.
Organisasjonsnummer: 971 435 739     Personvern