4H Norge

Kultur, fritid og friluft
64832100
2026 Skjetten

Om 4H Norge

4H Norge er ein landsomfattande organisasjon for barn og ungdom i aldersgruppa 10- 25 år som driv opplæring i naturbruk, hus og heim, samfunn og kultur.

Norske 4H er ein sjølvstendig, demokratisk og medlemsstyrt organisasjon og har ingen partipolitisk eller religiøs tilknyting. Målsetjinga til organisasjonen er å fremje ein arbeidsglad og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for alle menneske, naturressursar og levekår. Dette målet skal bli nådd mellom anna gjennom arbeid med praktiske 4H oppgåver, kurs, studieringar, og lagsarbeid. "Lære gjennom å gjere" er den viktigaste arbeidsmåten.

4H-medlemene arbeider ut ifrå 4H-lovnaden: Vi lover å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med klart Hovud, varmt Hjarte, flinke Hender og god Helse. Norske 4H har og eit stort internasjonalt engasjement med både utviklingsprogram, internasjonale leirar, kurs og andre felles nasjonale aktivitetar på tvers av landegrensene.

LNU, Øvre Slottsgate 2B, NO-0157 Oslo. Tel: (47) 23 31 06 00. Fax: (47) 23 31 06 01.
E-post: lnu@lnu.no. Nettredaktør: Ole Bruseth. Sidene er utviklet med økonomisk støtte fra Norad.
Organisasjonsnummer: 971 435 739     Personvern