LNU > Om LNU > Barne- og ungdomsråd

Barne- og ungdomsråd

BUR-samarbeidet er eit samarbeidsnettverk mellom barne- og ungdomsrådane i fylka og LNU

Gjennom BUR-samarbeidet skal det arbeidast for å framme leveføre og sterke barne- og ungdomsråd (BUR), og for å bidra til gode vilkår for dei regionale og lokale ledda i barne- og ungdomsorganisasjonane i Noreg.

BUR-hovudmålssetningane til samarbeidet er informasjons- og røynsleutveksling, kompetanseheving og barne- og ungdomspolitisk samarbeid. Ein av dei viktigaste oppgåvene for BURa er å sikra medlemsorganisasjonane gode rammevilkår. Det er dei enkelte BURa som har hovudansvar for aktivitetsnivået innanfor samarbeidet.

BUR-plattformen

Kvart år utarbeidast BUR-plattformen. Dette er eit samarbeidsdokument som vert vedteke på den årlege storsamlinga og skildrar kva for ei form samarbeidet skal ha fram til neste storsamling.

I dag finst barne- og ungdomsråd i desse fylka: Troms, Nord-Trøndelag, Hordaland, Vest-Agder, Vestfold, Østfold, Akershus og Oslo. Det vert stadig arbeidt for å engasjera fleire fylke i BUR-samarbeidet.

Tilsette og tillitsvalde

Fleire av BURa har éin eller fleire tilsette. Stillingane varierer frå deltids- til fulltidsstillingar, og for dei fleste vert kostnadene dekt gjennom tilskott frå fylkeskommunen eller prosjektmiddel.

Som styremedlem i eit BUR har ein ei rekkje ansvarsområde innanfor frivillig barne- og ungdomsarbeid. Arbeidsgjeveransvaret er ofte ei ny røynsle for den tillitsvalde. Styret er òg ansvarleg for at dei tilsette jobbar for å oppnå dei måla barne- og ungdomsrådet siktar mot.

Barne- og ungdomsrådane

Top