LNU > Om LNU > Om LNU

Om LNU

LNU, Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner, er eit samarbeidsorgan for barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg.

LNU er ein paraplyorganisasjon for 97 norske barne- og ungdomsorganisasjonar. Medlemsorganisasjonane er demokratiske og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, og representerer eit stort mangfald av aktivitetar og verdiar. På vegne av medlemsorganisasjonane våre arbeider vi med tre hovudoppgåver:

Politikk

LNU er ein interesseorganisasjon for medlemsorganisasjonane, og fremjar dei felles interessene til medlemsorganisasjonane og eigenart overfor styresmakter og viktige samfunnsinstitusjonar. Medlemmane våre representerer ei rekkje ulike føremål. Likevel har dei fleire felles interessene som LNU ynskjer å fremja. Du kan lesa meir om dette i dei politiske programma våre.

Kompetanse

LNU skal yta service og formidla kompetanse til medlemsorganisasjonane. Vi skal vera ein ressurs for medlemmane våre, og vi tilbyr kurs og kompetansefremmande tiltak.

Støtteordninger

LNU forvaltar ei rekkje støtteordningar som bidreg til utvikling av barne- og ungdomsorganisasjonar og aktivitetar i Noreg og utlandet. Støtteordningane kjem barn og unge til gode – både innanfor og utanfor organisasjonane.

Top