Lokallag i organisasjonar som får støtte frå Frifond Organisasjon i LNU kan no søkje pengar til film- og TV-produksjon.
Pengar til film og TV
Frifond TV er ei ny støtteordning kor grupper og lokallag kan søkje støtte til TV-produksjon. Søknadsfrist 1. april.
I 2008 har Frifond TV 1 million kroner til fordeling. To typar lokallag kan søkje om pengar frå ordninga:
- demokratiske grupper, lag og foreiningar som ikkje er medlem av ein landsomfattande organisasjon
- lokallag i organisasjonar som får støtte frå Frifond Organisasjon gjennom LNU
Frikanalen på lufta
Føremålet med Frifond TV er å gje barn og unge mogelegheit til å utvikle og produsere TV i sitt eiga lokalmiljø, og få sendt produksjonane på Frikanalen eller andre kanalar.
Frikanalen, dei frivillige organisasjonane sin eigen TV-kanal, startar å sende i det digitale bakkenettet i 2008.
Frifond Film
LNU har òg satt av 1 million kroner til Frifond Film i 2008. No kan også lokallag i organisasjonar som får støtte frå Frifond Organisasjon gjennom LNU søkje på denne støtteordninga.
Retningsliner og søknadsfrist
Søknadsfrist for Frifond TV og Frifond Film er 1. april 2008.
Alle grupper som vil søkje må fylle ut elektronisk søknadsskjema. Ein må òg sende inn utfyllande søknad til LNU, les meir om dette i retningslinene.
(14.01.08)


