
LNU søker Ungdomsdelegat til FNs World Urban Forum 2010
UN Habitat, FN sitt busettingsprogram, arrangerar i mars World Urban Forum (WUF). Under teamet «Cities for all – bridging the urban divide» går forumet av stabelen i Rio de Janeiro i Brasil i 18.- 26 mars 2010. Du kan delta som norsk ungdomsdelegat.
Kva gjer UN Habitat og World Urban Forum?
Verdsbefolkninga har aldri vore så ung som i dag, og innan 2030 kjem 60% av befolkninga til å bestå av barn og unge, med ein storpart som bor i by. Dette er ein tematikk som FN arbeidar med til dagleg og no har du sjansen til å bidra ved å verte LNU sin ungdomsdelegat til World Urban Forum.
Forumet er UN Habitat sin globale fagkonferanse på spørsmål rundt busettings- og byutvikling, og konferansen samlar NGOar, fagfolk og nasjonale og internasjonale myndighetar frå heile verda. UN Habitat arbeidar med tematikk som omfattar rask urbanisering og kva effekt dette har på samfunn, økonomi, klimaendring og politikk.
Dette er ikkje eit forum med politiske avgjersler og resolusjonar i kjent FN-stil, men ei plattform for formell og uformell debatt på relevante tema.
Kva betyr det å vere ungdomsdelegat?
Å vere ungdomsdelegat frå LNU ved World Urban Forum inneber å vere med i den norske delegasjonen som er sett saman av ulike samfunnsaktørar i regi av Kommunal- og regional departementet. Som delegat vil du delta både på ungdomskonferansen like i forkant, og på sjølve forumet. Ved arrangementet vil ulike problemstillingar tilknytt urbanisering bli presentert ved paneldebattar,seminar og workshops som du som delegat deltek på.
Tidsperiode: 18.mars – 26.mars 2010.
Som ungdomsdelegat må du også regne ein del tid til førebuing og etterarbeid.
Førebuing må til for at du skal kunne gjere ein god fagleg innsats under opphaldet, og etterarbeid som vil innebere å informere om erfaringar og vere ein ressurs for LNU sine medlemsorganisasjonar som jobbar innanfor dette feltet.
LNU søker kandidatar som
- Har engasjement for tematikk som berekraftig byutvikling, reduksjon av ulikhet og fattigdom, deltakande demokrati, retten til byen osv.
- Har organisasjonsbakgrunn og er aktivt involvert i eigen organisasjon
- Har gode engelsk kunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Er initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig
Kandidatar under 26 år vil verte prioritert.
Søknadsfrist: 4.februar 2010
Søknad og nominasjon skjer gjennom sentralleddet i din organisasjon.
Det som treng å vere med i søknaden er utfylt søknadsskjema, CV og nominasjonsbrev frå organisasjonen din.
LAST NED SØKNADSSKJEMA HER(PDF)
Har du spørsmål ta gjerne kontakt med
Internasjonal konsulent Hanne Marte Furset,
Tlf: 23 31 05 90 og e-post : hanne.marte@lnu.no
Les meir om World Urban Forum på UN Habitat sine sider:
World Urban Youth Assembly – 19.-20.mars
World Urban Forum V 22-26.mars
Les også om UN Habitat sitt urbane ungdomsfond på LNU sine nettsider
(02.02.10)


