Meny Innhold

Global Youth Partnership

Å jobbe i eit likeverdig partnarskap er vanskeleg, men veldig viktig. Det meiner deltakarane på Global Youth Partnership som LNU arrangerar denne veka.

KRIKGod stemning mellom Kristin Bjorå frå KRIK og Michael M. Wachira frå CHRISC i Kenya. Global Youth Partnership samlar organisasjonar som får støtte frå LNU gjennom støtteordninga Ungdomsbevilgninga Nord/Sør. Partnarar frå Noreg, Kenya, Palestina, Sri Lanka, Bangladesh, Pakistan, Malawi og Uganda er samla i Oslo for å utveksle erfaringar og lære av kvarandre. Det er fyrste gong LNU arragerar eit slikt partnarmøte.

Partnarskap? Kva er det?

Sentralt dei fire dagane deltakarane er samla, er diskusjonar rundt kva partnarskap er og korleis organisasjonane kan samarbeide godt på tvers av landegrenser og kultur.

- Kommunikasjon er nøkkelen til å få både eit partnarskap og eit prosjekt til å fungere bra, sa Sigrun Espe frå SAIH, som innleia om temaet for deltakarane.

Gift Numeri frå Network for youth development i Malawi meinte det var viktig å skaffe seg mest mogleg informasjon om organisasjonen og konteksten når ein planlegger å inngå eit partnarskap.

Prat Gode diskusjonar om partnerskap mellom deltakarane. -Nokon ting er så opplagt for partnarar frå land i Nord, som til dømes ytringsfridom, sa Samuel Muyizzi frå Uganda Young Democrats som samarbeidar med AUF. - Men det er ikkje alle stader det går ann å arrangere åpne møte.

Deltakarane var samde om at det er viktig å snakke om forskjellar, slik at ein ikkje tar slike ting for gitt for gitt - på begge sider.

Kjønn, miljø og kommunikasjon

Fram til søndag skal deltakarane diskutere tema som er viktige i bistand- og partnarskapsarbeid, som miljø, kjønn, organisasjonsutvikling og interkulturell kommunikasjon. Ein av hovudmålsetninga med Ungdomsbevilgninga Nord/Sør er at prosjekta som får støtte skal føre til organisasjonsutvikling og kunnskap om Nord/Sør-spørsmål i organisasjonane både i Noreg og i Sør.

Alle barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg kan søke om støtte saman med ein eller fleire partnarorganisasjonar. Les meir om Ungdomsbevilgninga Nord/Sør og korleis ein kan søke om støtte her.

Tips noen om denne saken

(05.02.10)

Flere nyheter

Minikurs om Det globale fondet

(27.08.10) Norad arrangerer minikurs om Det globale fondet for bekjempelse av aids, tuberkulose og malaria, onsdag 8. september. Hvordan kan norsk ungdom påvirke fondet?

hiv sløyfe

SAIH og LNU inviterer til seminar om ungt lederskap og hiv 7. september

(26.08.10) I september 2010 skal verdens ledere møtes i New York for å diskutere tusenårsmålene. SAIH og LNU inviterer derfor til seminar om ungt lederskap og hiv tirsdag 7. september.

penger_liste.jpg

Husk momsfristen 1.september !

(25.08.10) 1.september er fristen for å søke den nye momsordninga for frivillige organisasjonar.

Til nyhetsarkivet...