LNU > Støtteordninger > LNU Demokratimidlene

LNU Demokratimidlene

Demokratimidlene er ein støtteordning for barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg som samarbeider med organisasjonar i Aust-Europa. Formålet er å styrke det unge sivilsamfunnet.

Søknadsfristen for 2017 er 19. april. Les meir her

LNU Demokratimidlene er ei støtteordning for barne- og ungdomsorganisasjonar i Norge som samarbeider med barne- og ungdomsorganisasjonar i aust-Europa. Formålet med ordninga er å styrka ungt sivilsamfunn i Aust-Europa og i Norge.

LNU forvaltar støtteordninga med finansiering Utanriksdepartementet. Demokratimidlene vart oppretta i 1996.

Målsetting

Føremålet med støtteordninga er å styrka aust-europeiske barne- og ungdomsorganisasjonar si rolle i oppbygginga av berekraftige sivile samfunn.

Tildeling og søknadsfrist

Demokratimidlene har ei hovudtildeling i året. Søknadsfristen i 2017 er 19. april. Sjå oppdatering om situasjonen kring LNU Demokratimidlene her.

Det er også mogleg å søkja på eventuelle restmidlar seinare på året. Frist for restmiddelsøknadar blir kunngjord på eit seinare tidspunkt. Tildelingsutvalet for Demokratimidlene fattar vedtak om støtte.

Kven kan søkja?

Barne- og ungdomsorganisasjonar i Norge med ein eller fleire samarbeidspartnere i Aust-Europa utafor EU kan søkja på støtteordninga.

Samarbeidspartnarar må koma frå eit eller fleire av desse landa:

Armenia Tadsjikistan Kasakhstan
Aserbajdsjan Moldova Turkmenistan
Georgia Russland Usbekistan
Hviterussland Ukraina Kirgisistan

Prosjektet må inneholde noe annet enn søkers ordinære aktiviteter eller drift, og må ha et organisasjonsutviklingsperspektiv.

Det inneber at:

  • det må ha ein klar start- og sluttdato
  • de må forklara kva de vil endra i samfunnet eller gruppa/organisasjonen og kvifor de meiner dette er viktig. Prosjektet må ha klare målsettingar og vise til kva resultat aktivitetane de vil gjennomføra skal bidra til.
  • de må visa korleis begge (eller alle) organisasjonane blir styrka gjennom samarbeidet. LNU definerer organisasjonsutvikling som at organisasjonane aukar si evne til å nå dei måla de har satt seg sjølve. I tillegg bør de vise til korleis prosjektet er positivt for fleire i organisasjonen utover akkurat dei som er aktive i det.

Kontaktpersoner

  • Erik Schreiner Evans

    Internasjonal rådgiver, LNU Demokratimidlene

    23 31 05 83
    erik@lnu.no

Top