ForsidenStøtteordningerLNU DemokratimidleneOfte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Her får du svar på det du lurar på om LNU Demokratimidlene.

Korleis søkjer vi?

Alle søknadar til LNU Demokratimidlene skal leverast elektronisk i LNU sin søknadsportal. For å levere søknad må organisasjonen ha ein formell brukar i LNU sine systemer. Om de ikkje har det frå før, må de registrere dykk via dette skjemaet.

Etter at de har fått registrert ein brukar, kan de gå vidare til LNU sin søknadsportal og byrje på søknaden. De finn kladd for søknadsskjema nederst på sida til støtteordninga. Kontakt gjerne organisasjonsrådgiver for støtteordninga for rettleiing i søknadsskrivinga.

Kan vi sende inn fleire søknadar?

Ein organisasjon kan levera fleire søknadar til same frist. I såfall bør ein skrive kva prosjekt som er høgast prioritert i organisasjonen. Dette er kun rettleiande for tildelingsutvalet. I tillegg er det mogleg å søkje i både i den fyrste hovudrunda og i restmiddelrunda same år.

Korleis vert søknaden behandla?

Det er eit tildelingsutval som avgjer kva prosjekt som skal få støtte. Utvalet består av fem representanter fra organisasjonene.

Når søknadsfristen har gått ut blir alle søknadar vurdert opp mot kvarandre. Dei blir då vurdert ut ifrå innhold, kvalitet og prioriteringane oppgitt i retningslinjene.

Når får vi svar på søknaden vår?

Søkjarar vil få svar på søknaden innan fire veker etter søknadsfrist. Dersom det ikkje er mogleg for LNU å overhalde ei behandlingstid på fire veker, vil organisasjonane få ein beskjed om forventa behandlingstid.

Korleis signerer eg akseptskjemaet?

For å signere akseptskjema må du vere anten dagleg leiar eller styreleiar. Du må også ha oppretta ein brukar i søknadsportalen under organisasjonen din. Denne brukaren er personleg og kan ikkje overtakast av nokon andre. Hugs at det er organisasjonen sjølv som har ansvar for å halde denne kontaktinformasjonen oppdatert og riktig.

For å signera akseptskjema må du først logga deg inn, deretter må du bruka verifiseringskoden som du har fått tilsendt i posten.  Verifiseringskoden er personleg og må derfor sendast til din private adresse. Når denne koden først er brukt ein gong varer verifiseringa i to år, og om du skal signera fleire akseptskjema i den perioden kan du gjere det utan koden.

Må vi levere revisjonsrapport?

For prosjekt som mottar under 100.000 kroner i tilskot kan organisasjonen velje om dei vil levere eigen revisjonsrapport eller om prosjektet skal inngå i revisjonen av organisasjonens årsreknskap. Dersom organisasjoner ønskjer det siste, må dei levere eit utfyllande skuggerekneskap i eit standardskjema med forklarande bilagstekst. Dette skjemaet finn de nederst på denne sida.

Alle prosjekt som mottar meir enn 100.000 kroner i støtte skal levere særskilt revisjonsrapport. Når det leverast særskilt revisjonsrapport skal revisjonen foretakast av ein godkjent, uavhengig revisor. Då held det ikkje å levere revidert årsreknskap for organisasjonen som heilskap. Organisasjonene kan nytte inntil 5.000 kroner av tilskotet til revisjon.

Topp