ForsidenUtlysningerLokallagssekretær

Norsk Målungdom søker lokallagssekretær

Utlysning fra: Norsk Målungdom

Sted: Oslo
Søknadsfrist: 04.06.2017
HeltidProsjektstilling

Norsk Målungdom søkjer ein person til ei prosjektstilling på 100 % som lokallagssekretær. Søknadsfristen er 4. juni, med ynske om tiltreding frå august.

Norsk Målungdom er ein landsfemnande ungdomsorganisasjon som jobbar for at alle skal ha høve og rett til å bruke dialekten sin og å skrive nynorsk. Som lokallagssekretær er du med på dette arbeidet. Me er om lag 1 500 medlemer fordelt på 21 lokallag over heile landet, og me er ein organisasjon i vekst.

Lokallagssekretæren skal arbeide for å auke medlemstalet og aktiviteten i Norsk Målungdom, og hen er ansvarleg for å fylgje opp lokallaga våre og å reise i samband med kampanjar og aksjonar. Som lokallagssekretær kjem du til å arbeide tett med dei tilsette på kontoret og sentralstyret i Målungdomen.

Du vil i hovudsak arbeide med dei andre på kontoret i Oslo, og arbeidet inneber å planleggje og gjennomføre aksjonar i samarbeid med lokallaga, organisere skiping av nye lokallag og hjelpe lokallaga med praktisk arbeid. Reising er ein viktig del av jobben, og du må rekne med noko kvelds- og helgearbeid. Arbeidsspråket er nynorsk.

Me søkjer deg som

  • Jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert
  • Samarbeider godt og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Har røynsle med organisasjonsarbeid
  • Er glad i å reise og likar å møte nye folk

Me kan tilby

  • Godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Politisk skulering og opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver
  • Reiser til nye stader og møte med engasjert ungdom
  • Pensjonsordning og felles lunsjordning

Me oppmodar deg som er under 26 år til å søkje, men me vurderer alle søknadar. Stillinga er 100 %, og brutto månadsløn er kr. 19 866. Stillinga er ei prosjektstilling for skuleåret 17–18. I søknaden skriv du litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kva tankar du gjer deg om jobben. Legg ved CV.

Søknadsfristen er 4. juni. Arbeidsstart er 1. august, og du får opplæring når du tek til i jobben.

Send søknaden til skriv@nynorsk.no. Ta gjerne kontakt med Synnøve Marie Sætre på e-post eller telefon dersom du har spørsmål om stillinga eller tilsettingsprosessen: synnove.marie@nynorsk.no, 926 95 330.

Publisert 9. mai 2017

Topp