LNU > Utlysninger > Medarbeidar – rekruttering

Bergens ungdomslag Ervingen søker medarbeidar – rekruttering

Utlysning fra: Bergens ungdomslag Ervingen

Sted: Bergen
Søknadsfrist: 09.04.2017
DeltidProsjektstilling

Bergen ungdomslag Ervingen er ein ideell kulturorganisasjon med tilhald i Bergen sentrum. Hovudaktivitetane i laget er folkedans, folkemusikk, kor og målpolitikk. Laget er ein generasjonsorganisasjon, og har medlemmer i alle aldrar. Føremålet til laget er å arbeide for norsk kultur og mål, og laget skal vera ein aktiv medspelar i utviklinga av eit levande og godt miljø for alle aldersgrupper. Me har aktivitetar som er tilrettelagt for spesielle aldersgrupper og nivå, i tillegg til aktivitetar der folk frå alle aldersgrupper er velkomne. Aktivitetar og tilstellingar i laget er for ein stor del basert på frivillig innsats blant medlemmene våre.

Me søkjer ein medarbeidar i 20 % stilling som kan arbeide med rekruttering og medlemsauke i organisasjonen vår. Stillinga er ei prosjektstilling med tilsetjing frå 1. august 2017 eller så snart som råd. Tilsetjinga varer fram til 31. desember, med moglegheit for forlenging. Du vil få ansvar for å planlegge og gjennomføre rekrutteringsprosjekt, i tett dialog med styret og andre tilsette, i tillegg til å vere med på å utforme ein langsiktig rekrutteringsplan for organisasjonen. Organisasjonserfaring eller erfaring med rekruttering vil vege positivt.

Dine kvalifikasjonar

  • relevant utdanning
  • erfaring frå og kunnskap om rekruttering
  • organisasjonserfaring

Dine eigenskapar:

  • du har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • du er kreativ
  • du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • du har stor gjennomføringsevne og er effektiv
  • du er fleksibel
  • du er resultat- og løysingsorientert

Me tilbyr:

  • fleksibel arbeidstid
  • eigna kontorlokale og eit triveleg arbeidsmiljø
  • ein interessant og utfordrande jobb som du sjølv er med på å forme
  • moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • løn etter avtale

Arbeidsoppgåver:

  • arbeide for å synleggjere vår organisasjon for aktuelle medlemmer
  • arbeide med rekrutteringsprosjekt på planleggings- og gjennomføringsnivå
  • vere med på å leggje ein langsiktig strategi for rekruttering for vår organisasjon
  • bidra med nye idear og utvikling av organisasjonen

For spørsmål, kontakt Borghild Marie Opdahl på telefonnummer 90194932

Søknad og CV sendast til kontoret@bergen.ungdomslag.no eller i posten til Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscars gate 15, 5017 Bergen. 

Publisert 24. mars 2017

Topp