LNU > Utlysninger > Organisasjonskonsulent Vestlandet (40%)

Ung Kirkesang søker organisasjonskonsulent Vestlandet (40%)

Utlysning fra: Ung Kirkesang

Sted: Vestlandet
Søknadsfrist: 31.05.2017
DeltidProsjektstilling

Stillinga som organisasjonskonsulent vil bli knytt til regionsatsinga i Ung kirkesang og vil leie arbeidet med samanslåing og vidareutvikling av regionledda i Stavanger og Bjørgvin (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) Abeidsoppgåvene vil vere knytt til organisering av aktivitetar for medlemslaga i regionen, søknader, dokumentasjon, representasjon og utvikling av nye aktivitetar.

Vi søkjer ein person med evne til sjølvstendig arbeid, gode nettverkseigenskaper og kvalifikasjonar i organisasjonsarbeid, gjerne også kjennskap til korarbeid og kyrkjemuikalsk verksemd. Den som blir tilsett må ha god evne til kommunikasjon skriftleg, munnleg og i møte. Søknadsfrist 31. mai. 2017.

Det er ei føresetnad at den tilsette kan arbeide i samsvar med organisasjonen sitt formål og verdigrunnlag. Utlysinga gjeld 40% prosjektstilling (vikariat) frå og med 1. oktober 2017 og ut prosjektperioden 2019. Det skal arbeidast med sikte på forlenging og ev. omgjering til fast stilling.

Ung kirkesang har tilsette i Kristiansand, Røros, Fredrikstad og det er ynskjeleg at den som vert tilsett bur i arbeidsområdet. Vestlandskonsulenten vil vere ein del av staben i Ung kirkesang på landsplan. Spørsmål om stillinga kan rettast til

Generalsekretær Nils Hidle, tel. 98 088 768 eller leiar i landsstyret Ole Aleksander Østhassel, tel. 905 02 797.
Søknad til: Ung Kirkesang, Konsul Wildsveg 1, 4621 Kristiansand eller på e-post:ungk@online.no

Publisert 16. mai 2017

Topp