Utlysningerorganisasjonsrådgjevar i 4H Rogaland (40%)

4H Norge søker organisasjonsrådgjevar i 4H Rogaland (40%)

Utlysning fra: 4H Norge

Sted: Stavanger, Rogaland
Søknadsfrist: 15.06.2017
DeltidProsjektstilling

Organisere frivillige barn og unge? 40% engasjement ledig som organisasjonsrådgjevar fram til 31. oktober 2018. Arbeidsstad hos 4H Rogaland i Stavanger sentrum. Snarleg oppstart.

4H Rogaland skal i juli 2018 arrangere Landsleir for 2000 ungdomar på Øksnevad og aukar derfor bemanninga.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kompetanse og erfaring med planlegging, gjennomføring og evaluering av større arrangement for barn og unge
  • Kunnskap om og erfaring med frivillig arbeid
  • Kunnskap om prosjektorganisering
  • Grunnleggande kunnskap innan IKT

Vi søkjer etter deg som:

  • Er kreativ og resultatorientert
  • Har gode formidlingsevner og evne til å motivere og inspirere
  • Kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg
  • Er sjølvstendig og fleksibel
  • Trivst i samarbeid med barn og vaksne

Du blir ein del av eit arbeidsfellesskap med moglegheit for påverknad, utvikling og ny læring. Du blir og ein del av eit kreativt miljø i Skogens hus, Stavanger sentrum

Løn etter avtale. Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Rogaland i Stavanger sentrum. For stillinga inngår medlemskap i Statens Pensjonskasse og forsikringsordningar. Fleksibel arbeidstid. Ein må rekne med noko reiseverksemd. Ein må ha førarkort klasse B. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionleiar i Rogaland som nærmaste overordna.

Søknadsfrist: 15. juni. Send søknad til synnove.jorgensen@4h.no. 

Publisert 23. mai 2017

Topp