UtlysningerProsjektleiar

4H Norge søker prosjektleiar

Utlysning fra: 4H Norge

Sted: Førde
Søknadsfrist: 31.01.2017
DeltidProsjektstilling

4h søker prosjektleiar for «Samspel» (50 %) og «Draumeplassen» (40%). Prosjektstilling i eitt år med arbeidsstad hos 4H Sogn og Fjordane. Snarleg oppstart.

Samspel er eit samarbeidsprosjekt mellom Røde Kors, Idrettskrinsen og 4H i fylket. I Samspel vil vi jobbe for trygge leiarar og tillitsvalde i organisasjonslivet i Sogn og Fjordane, med kunnskap om sosial inkludering og mangfald, samt betre informasjon til innvandrarar spesielt om fritidstilboda og det frivillige organisasjonslivet i fylket.

Viktige arbeidsoppgåver i prosjektet «Samspel»:

• Legge til rette for lokale kveldskurs i inkluderingsarbeid.
• Utvikle informasjonsmateriell for organisasjonane på ulike språk.
• Skipe til ein større konferanse med tema inkludering.
• Samordne og innhente informasjon frå organisasjonslivet og det offentlege.
• Dele dei gode erfaringane og vurdere korleis ein kan arbeide vidare med temaet i organisasjonane.
Draumeplassen er eit prosjekt i 4H Sogn og Fjordane der vi skal lyse ut ein konkurranse der lokalsamfunn i Sogn og Fjordane kan vinne pengar og prosjekthjelp til å skape opne møteplassar i naturen. På denne måten vil vi heve det kortreiste friluftslivet, få fleire til å bli aktive i friluft og skape auka glede og kunnskap om naturen.

Viktige arbeidsoppgåver i prosjektet «Draumeplassen»:

• Administrere Draumeplassen-konkurransen, og yte prosjekthjelp til vinnarane.
• Vidareutvikle nettsida www.naturmøteplass.no og drive informasjonsarbeid.
• Utvikle prosjekthefte for ungdom om korleis lage naturmøteplass.
• Utvikle forslag til Draumeplassen-konkurransen også andre stader i landet.

For begge stillingane søkjer vi deg som har:

• Pågangsmot og er resultatorientert.
• Gode formidlingsevner, skriftleg og munnleg.
• Gode samarbeidsevner, men kan arbeide sjølvstendig og strukturert.
• Kunnskap om prosjektorganisering.
• Kunnskap eller erfaring frå sosialt arbeid og/eller friluftsliv.

Stillinga blir løna frå kr 400 000,- (årslønn 100%).

Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Sogn og Fjordane i Førde. For stillinga inngår medlemskap i Statens Pensjonskasse og forsikringsordningar. Stillinga er fleksibel med omsyn til avspasering, og ein må rekne med ein god del reiseverksemd. Ein må ha førarkort klasse B. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionleiar i Sogn og Fjordane som nærmaste overordna.

Kontaktperson for stillinga:
Åge Avedal, regionleiar i 4H: Tlf. 960 96 775 / 970 72 734.

Søknad og CV sender ein på e-post til age.avedal@4h.no innan 31. januar 2017. Meir informasjon om prosjekta finn du på www.4h.no/sognogfjordane.

Publisert 19. januar 2017

Topp