LNU > Utlysninger > Reisesekretær

Norsk Målungdom søker reisesekretær

Utlysning fra: Norsk Målungdom

logo-standard-med-tekstSted: Oslo
Søknadsfrist: 20.06.2016
HeltidProsjektstilling

Norsk Målungdom er ein landsfemnande ungdomsorganisasjon som jobbar for at alle skal ha høve og rett til å bruke dialekten sin og å skrive nynorsk. Som reisesekretær er du med på dette arbeidet. Me søkjer ein reiselysten ungdom som har lyst til å samarbeide med lokale aktivistar i heile landet.

Norsk Målungdom har ei ledig prosjektstilling som reisesekretær. Reisesekretæren er ansvarleg for å fylgje opp lokallaga våre, og å reise i samband med kampanjar og aksjonar. Du kjem til å arbeide tett med dei tilsette på kontoret og sentralstyret i Målungdomen.

Du vil i hovudsak arbeide med dei andre på kontoret i Oslo, men mykje av arbeidet vil også vere på reise rundt omkring i landet. Arbeidet inneber å planleggje og gjennomføre aksjonar i samarbeid med lokallaga, organisere skiping av nye lokallag og hjelpe lokallaga med praktisk arbeid. Du må rekne med noko kvelds- og helgearbeid. Arbeidsspråket er nynorsk.

Me søkjer deg som:

  • Jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert
  • Samarbeider godt og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Har røynsle med organisasjonsarbeid
  • Er glad i å reise og likar å møte nye folk

Me kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Politisk skulering og opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver
  • Reiser til nye stadar og møte med engasjert ungdom

Me oppmodar deg som er under 26 år til å søkje, men me vurderer alle søknadar. Stillinga er 100 %, og brutto månadsløn er kr. 19.000,-. Tilsetjinga er i fyrste omgang for eit år, men det er mogeleg å få forlenga kontrakten. I søknaden skriv du litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kva tankar du gjer deg om jobben. Legg ved CV. Søknadsfristen er 10. juni. Arbeidsstart er 1. august, og du får opplæring.

Send søknaden til skriv@nynorsk.no. Ta gjerne kontakt med Synnøve Marie Sætre på e-post eller telefon dersom du har spørsmål om stillinga eller tilsettingsprosessen: synnove.marie@nynorsk.no, 926 95 330.

Publisert 6. mai 2016

Top