Vil du vere med i tildelingsutvalet for LNU Demokratimidlene? Søk før 15. oktober.

LNU Demokratimidlene treng tildelingsutval

Frist for å nominere personar til tildelingsutvalet er 15. oktober 2017.

Etter ein lengre periode med uvisse kring finansiering, ser det no ut til å bli klart til å dela ut prosjektstøtte som normalt gjennom støtteordninga LNU Demokratimidlene. Støtteordninga gjer støtte til barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg som samarbeider med organisasjonar i Aust-Europa.

Det betyr at vi treng tildelingsutval, som skal bestemme kva prosjektar som får støtte gjennom ordninga. 

To til fire tildelingsrundar

Etter planen vil det bli ein tildelingsrunde før nyttår og minst to rundar i 2018. Det komande tildelingsutvalet vil ha ansvar for alle utdelingar i 2017 og 2018.

Tildelingsutvalet kan rekna med ein mindre tildelingsrunde i haust, ein større runde på nyåret og ein til tre mindre rundar utover året, avhengig av eventuelle restmidlar. Det blir i utgangspunktet eit møte per tildelingsrunde.

Arbeidet blir gjort i fellesskap med LNU sin saksbehandlar og blir leia av eit styremedlem. LNU sine medlemsorganisasjonar har høve til å nominera ein person kvar.

Erfaring frå prosjektstyring

Det er ein fordel om dei nominerte har erfaring frå prosjektstyring, fortrinnsvis frå internasjonale prosjekt, og/eller kjennskap til dei geografiske områda støtteordninga dekker. Det er ein fordel om kandidatane bur i Oslo-området.

Arbeidet i utvalet er ikkje lønna, men vil gje verdifull erfaring med forvalting og forståing for finessene ved gode prosjektsøknader. Middag blir spandert dersom møtet blir langvarig. Opplæring vil bli gjeve og tilpassa behov.

Frist for å nominere kandidatar er 15. oktober 2017. Har du spørsmål? Kontakt internasjonal rådgjevar Erik Schreiner Evans på erik@lnu.no.

OBS: Det er enno ikkje sett søknadsfrist og utbetalingsdato for 2017, då dette kjem an tid for tilsegn frå UD.

Nominasjonsskjema

Fill out my online form.

#demokratimidlene #støtteordning #tildelingsutvalg

Publisert 29. september 2017

Kontaktpersoner

  • Erik Schreiner Evans

    Internasjonal rådgiver, LNU Demokratimidlene

    23 31 05 83
    erik@lnu.no

Topp