Studietur til Ukraina 2016. Foto: Timme Ellingjord

Vil du vere med på studietur til Ukraina?

13.-17. april arrangerer vi tur til Kiev for representanter fra barne- og ungdomsorganisasjonene. Påmeldingsfrist er 21. februar.

I april arrangerer LNU studietur for barne- og ungdomsorganisasjonar til den ukrainske hovudstaden Kiev. Gjennom studieturen får du eit innblikk i den politiske situasjonen i landet, forholda for ungt sivilsamfunn og korleis ein kan leggja til rette for samarbeid mellom barne-og ungdomsorganisasjonar i Norge og Ukraina. Studieturen blir arrangert i samband med støtteordninga LNU Demokratimidlene, ein støtteordning for å fremja samarbeid mellom barne- og ungdomsorganisasjonar i Norge og austeuropa. 

Studietur til Ukraina 2016. Foto: Timme Ellingjord

Opprør, konflikt og reformar

Det skjer store ting i Ukraina for tida. Etter at Maidan-opptøyene førte til avsettinga av dåverande president Janukovytsj, har landet låge i ein låg-intensitetskrig mot russiske styrker. Trass dette og fleire forsøk på destabilisering, gjennomgår Ukraina ei rekke gjennomgripande reformar. I mange av desse reformprosessane speler demokratiske ungdomsorganisasjonar ei stor rolle. Potensialet for yttarleg påverking er derimot endå større og mange uttrykker eit sterkt ønskje om vestlege samarbeidspartnarar i dette arbeidet. Denne studieturen vil vera eit bra høve til å utforska eller innleia samarbeidsprosjekt med organisasjonar som er relevant for din eigen organisasjon.

Programmet for turen vil bestå av møter med ei rekke aktørar frå ukrainsk organisasjons- og samfunnsliv, og representantar for internasjonale institusjonar. LNU vil tilpassa programmet etter deltakarane sin interesser og leggja opp til møter med potensielt relevante samarbeidsorganisasjonar.

Frist 21. februar

Deltaking på studieturen er åpen for representantar frå alle barne- og ungdomsorganisasjonar i Norge, men ein må vera nominert fra sentralleddet i sin organisasjon. Turen har avgrensa med plassar, så ein bør melde seg på i god tid. LNU oppmodar særleg organisasjonar med interesse for prosjektsamarbeid og representantar med eit internasjonalt engasjement til å delta.

Frist for å nominere deltakarar er 21. februar.  Det er mogleg å nominera opptil to personar i prioritert rekkefølgje frå kvar organisasjon. LNU vil prioritera deltakarar etter ei vurdering av potensiell relevans for Demokratimidlene.

LNU dekker alle utgifter til reise, opphald og mat. Deltakarar må vera flyt 18 og står sjølve ansvarlege for å inneha reiseforsikring, gyldig pass og naudsynte vaksiner (ekstern lenke).

Meld deg på her: 

Fill out my online form.

#demokratimidlene #lnu #studietur #ukraina

Publisert 2. februar 2018

Topp