Medlemsorganisasjonane til LNU kan vise seg fram i teltet vi har under Norway cup, i samarbeid med mellom anna FN-sambandet. Foto: frivillig.no

Kva vil din organisasjon vise fram på Norway Cup?

Vi treng hjelp frå meldemsorganisasjonane til å bli med å fylle tre telt, der de kan vise fram kampanjar og lage morosame aktivitetar.

LNU, Frivillighet Norge og Fritidserklæringen har fått ein avtale med Norway cup som gjer at me saman kan vise fram den frivillige sektoren, og engasjere og inspirere unge til å bli betre kjende med frivilligheita. 

Vi dekkjer kostnadane med å leige dei tre telta, og saman skal vi vise fram den unge frivilligheita på Ekebergsletta i veke 31.

Vi samlar frivilligheita i eit område tilknytta FNs berekraftsmål og i år set Norway cup søkjelyset på inkludering, likestilling og miljø.

Ønskjer din organisasjon å høyre meir om dette?

Kontakt johanne@lnu.no innan 9. mai, så vil vi planleggje og fordele tid på stand utifrå dykkar framlegg om aktivitetar og kampanjar de vil fremje.

#aktivitet #fritidserklæringen #frivillighet #norway cup #ung frivillighet

Publisert 24. april 2018

Informasjon til deltakarorganisasjonar

Kontaktperson

  • Johanne Halsnes Århus

    Organisasjonsrådgiver, Frifond

    23 31 05 88
    johanne@lnu.no

Topp