LNU søkjer medlemsorganisasjonar som vil delta i prosjektet «Åpen uke». Målet er å få fleire unge til å delta i aktivitetar.

Vil din organisasjon nå fleire barn?

LNU ønskjer organisasjonar som vil få fleire i barneskulealder til å delta i aktivitetar. Dette er eit prosjekt som dekkjer åtte til ti kommunar.

Som eit ledd i oppfølginga av Fritidserklæringa, har LNU saman med mellom andre Alle Med, Norges Idrettsforbund og Redd Barna prosjektet «Åpen uke». Prosjektet skal hjelpe frivillige organisasjonar i åtte til ti kommunar å nå ut til nye målgrupper, særleg barn frå låginntektsfamiliar.

Vil din organisasjon bli med på å auke deltakinga i aktivitetar blant barn og unge i barneskulealder?

Ta kontakt med prosjektleiar Ida Jakobsen på ida@lnu.no.

Byråkratiet er eit hinder

Avgrensa ressursar og frivillige utan særleg erfaring med kommunebyråkrati, hindrar at kunnskap om kommunale tiltak for å inkludere barn og unge ofte ikkje når organisasjonane.

«Åpen uke» tilbyr lokallag i organisasjonane kompetansekurs og rettleier i korleis ein kjem i kontakt med kommunalt tilsette.

Det er også eit problem at foreldre manglar kunnskap om aktivitetane som barna deira kan delta i. Difor vil prosjektet leggje til rette for at foreldre sjølve kan følgje barna sine til aktivitetane, slik at dei får informasjon frå dei frivillige lokallaga.

#åpen uke #deltakelse #ung frivillighet

Publisert 24. april 2018

Kontaktperson

  • Ida Charlotte Bratteberg Jakobsen

    Organisasjonsrådgiver, Frifond for alle

    23 31 05 91
    ida@lnu.no

Topp