Foto: Flickr/strocchi

Éin av fire vil ikkje leite etter meir olje

Noreg bør ikkje leite etter meir olje av omsyn til klimaet. Det meiner 28 prosent av unge i alderen 15–24 år, ifølgje ei undersøking LNU har bestilt.

På oppdrag frå LNU har Opionion gjennomført gallupundersøkinga Ungdom og Nord/Sør-spørsmål – kunnskap, holdninger og engasjement. Undersøkinga vart gjort i desember 2017. Den same undersøkinga vart gjort i 2011 og i 2014, og undersøkjer kunnskap og haldningar til globale spørsmål blant unge.

Opptekne av dei store spørsmåla

Unge meiner endring av forbruk, forsking på og bruk av klimavenleg teknologi er dei viktigaste tiltaka for å bremse klimaendringane. Det svarar høvesvis 57, 52 og 40 prosent av dei unge i undersøkinga. Likevel er alle desse på veg ned, samanlikna med undersøkingane i 2014 og 2011.

Oljeleiting, derimot, er det fleire som meiner Noreg bør slutte med for å bremse klimaendringane. Medan 16 prosent oppgav det som eitt av dei viktigaste tiltaka i 2011, er det 28 prosent som svara det same i 2017. 

– Undersøkinga vår viser at ungdom bryr seg om dei store utfordringane i verda, som kampen mot fattigdom og klimaendringar. Vi veit òg at ungdom engasjerer seg i mange fleire saker enn dei vi ofte tenkjer på som «typiske ungdomssaker», og det kan vi òg sjå i svara dei gjev her. Vi er ein engasjert ungdomsgenerasjon, slår leiar i LNU, Rode Hegstad, fast.

Fleire får kunnskap frå sosiale medium

Undersøkinga tek òg opp spørsmål om mellom anna haldningar til og kunnskap om fattigdom, hiv og aids, FNs barnekonvensjon og informasjonskjelder.

Berre 14 prosent veit at USA ikkje har signert barnekonvensjonen, medan 88 prosent veit kva som er dei grunnleggjande rettane i konvensjonen. I 2011 svara 30 prosent at fattige land tek imot flest flyktningar, mot 48 prosent i 2017. 

Éin av tre gjev økonomisk støtte til bistandsorganisasjonar, og nettaviser og fjernsyner framleis dei viktigaste kjeldene til informasjon. Likevel er dei i fall frå 2011 og 2014, medan fleire og fleire har sosiale medium som si hovudkjelde til informasjon om fattige land og utviklingsspørsmål. I 2011 hadde 29 prosent sosiale medium som hovudkjelde, medan talet er 51 prosent i 2017.

#klima #meninger #Nord/Sør #opinion

Publisert 2. mai 2018

Kontaktperson

  • Rode Margrete Hegstad

    Leder (Frikirkens barn & unge)

    41 72 52 30
    rode@lnu.no

Topp