Nesodden judoklubb fekk støte frå LNU Aktivitetsstøtta i 2017.

Åtte millionar kroner er delt ut – sjå kven som fekk

Den siste tildelingsrunden frå støtteordninga LNU Aktivitetsstøtta gav organisasjonar åtte millionar kroner til ulike prosjekt. Sjå liste nedst i artikkelen.

Gjennom støtteordninga LNU Aktivitetsstøtta – Herreløs arv deler LNU ut mange millionar kroner til ulike prosjekt. I den første runden fekk organisasjonane 17 millionar kroner. I den siste tildelingsrunden har om lag 45 prosjekt fått støtte frå 70 000 til 400 000 kroner, til saman 8 millionar kroner.

Utanom det vanlege

Støtteordninga har to søknadsfristar i året, 1. desember og 1. mars. Føremålet er å stimulere deltakinga i frivillige organisasjonar blant barn og unge, og utvikling av nye aktivitetar i organisasjonane.

Difor er det mellom anna eit krav om at barn og unge må stå for 50 prosent av målgruppa og prosjektet må vere noko utanfor den vanlege drifta til organisasjonen.

Ein vesentleg del av potten går til prosjekt som jobbar for å auke deltakinga i frivillige organisasjonar blant personar med nedsett funksjonsevne.

LES MEIR OM LNU AKTIVITETSSTØTTA HER

Her er prosjekta som har fått mest støtte i denne tildelingsrunden. Heile lista kan du laste ned under.

Tildelingar LNU Aktivitetsstøtta

JM Norway LOUD-kurs for ungdomsarbeidarar 400 000
Norske Baptisters Barne- og ungdomsforbund Integrasjon av unge migrantar 400 000
De Unges Orkesterforbund Nord-Norge Nye orkester i Nord-Sápmi – Troms og Finnmark 380 000
Miljøagentene Barn som engasjerer barn 370 000
Acta – barn og unge i Normisjon Nasjonalt leiarkurs i Acta 350 000
Autismeforeningen, Hedmark Fylkeslag Sommartreff 345 000
Kristent Pedagogisk Forum Verdibevisste pedagogikkstudentar 328 703
Norges KFUK-KFUM-Speiderne Evaluering av speidarprogrammet 325 000
Landsforeningen for barnevernsbarn Nasjonale samlingar for barnevernsbarn 268 400
Norges KFUK-KFUM-Speiderne Rovernes 100-årsjubileum 260 000

#LNU Aktivitetsstøtta #prosjekt #støtteordning

Publisert 24. mai 2018

Kontaktperson

  • Cennet Sener

    Organisasjonsrådgiver, LNU Aktivitetsstøtta og LNU Mangfold og inkludering

    23 31 05 87
    cennet@lnu.no

Topp