Kommune- og regionreforma fører med seg små og store komplikasjonar for organisasjonar som må slå saman lokallag. LNU tilbyr kurs i juridiske problemstillingar som måtte dukke opp.

Kva gjer du med hytta?

Må hytta til din organisasjon skifte eigar når de slår saman lokallag etter kommunereforma? Og kva skjer med landsstyret når fylka blir slått saman?

– Eg er glad me kan gje dette tilbodet. Det er viktig for LNU å tilby opplæring og hjelp til medlemsorganisasjonane våre, og dette er eit tema fleire har etterspurt, seier styreleiar i LNU, Rode Hegstad.

Sjølve rapporten kan du laste ned under artikkelen.

Rapporten tek for seg dei ulike problemstillingane som organisasjonar møter på som følgje av kommune- og regionreforma.

Lokallag som må overføre eigedom til nyskipa lokallag, landsstyre som baserer seg på talet på fylkesstyre, eller står organisasjonen din i fare for å miste viktig finansiering fordi den samanslegne fylkeskommunen ikkje vidarefører dei same støtteordningane?

Alt dette og meir til gjev rapporten svar på.

Organisasjonar som ønskjer kurs med rapportforfattaren Ina Bjørnrå, kan ta kontakt med avdelingsleiar for politikk og kompetanse Emilie Bersaas, eller fylle ut skjemaet du finn her.

#kommune- og regionreformen #medlemsnyheter #rapport

Publisert 24. mai 2018

Kontaktperson

  • Emilie Bersaas

    Avdelingsleder, avdeling for politikk og kompetanse

    938 22 573
    emilie@lnu.no

Topp