Inga Bejer Engh blir nytt barneombod, og tek over etter seks år med Anne Lindmoe. LNU takkar Lindmoe for innsatsen gjennom dei åra, og gler seg samstundes over at ein jurist endeleg tek rolla som ombod for barn og unge.

Gratulerer til nytt barneombod

Tidlegare 22. juli-aktor Inga Bejer Engh er nytt barneombod. LNU gratulerer, og håpar på eit godt samarbeid til det beste for barn og unge.

LNU vil takke Anne Lindmoe for innsatsen ho har gjort dei siste seks åra.

LNU-leiar Rode Hegstad gratulerer det nye barneombodet, og ser fram til samarbeid.

– Lindboe har gjort ein god jobb for røysterett for 16-åringar og ungdomsråd. I tillegg har ho vore god på å avdekke brot på rettar i barnevernet og i helsesektoren, for å nemne noko, seier styreleiar i LNU, Rode Hegstad.

No er LNU-leiaren spent på kva Engh kan gjere for barn og unge i Noreg. Engh er den første juristen som blir barneombod, og det er det forventingar til.

Store forventingar

– Engh må passe på at retten barn og unge har til medverkning, vert fulgt, og sikre organisasjonsfridomen. No ser me at organisasjonar ikkje får drive med frivillig arbeid i skuletida, og møter stengte dører når dei vil ha lokale, seier Hegstad.

LNU håpar òg å få slutt på aldersdiskriminering, no når dette er inne i diskrimineringslova. Det kjem til syne mellom anna når ungdommar under 18 år driv eit lokallag, men får ikkje opna bedriftskonto i banken.

#barneombudet #lnu #politikk

Publisert 25. mai 2018

Kontaktpersonar

  • Rode Margrete Hegstad

    Leder (Frikirkens barn & unge)

    41 72 52 30
    rode@lnu.no

  • Andreas Borud

    Generalsekretær

    915 97 704
    andreas@lnu.no

Topp