Tina Razafimandimby Våje (15) og Selma Baalerud (15) deltok på konferansen «Ta Plass» for unge leiarar 5. oktober. Foto: Alexander Eriksson

Unge leiarar lærte å ta plass

Konferansen «Ta Plass» samla over 150 unge leiarar til ein dag fylt med paneldebattar, førebileter og underhaldning.

– Det er viktig at unge leiarar tek plass og vert tatt seriøst, seier Selma (15) og Tina (15) frå Miljøagentene.

Dei unge leiarspirene Tina Razafimandimby Våje og Selma Baalerud, som begge sit i Barnas Klimapanel i tillegg til å vere med i Miljøagentene, var dei blant dei yngste deltakarane på konferansen som samla unge leiarar frå ei rekke ulike organisasjonar i den norske frivilligheita.

– Det var veldig inspirerande å møte så mange unge som er engasjert i forskjellege organisasjonar. Eg oppdaga mange nye organisasjonar som eg ikkje visste om, seier Tina.

Konferansen, som var eit samarbeidsprosjekt mellom LNU, Norges idrettsforbund og Norsk Tipping, hadde fleire paneldebattar som tok opp ulike tema, mellom anna myteknusing om ungt leiarskap, sosiale mediar, og korleis ein kan få gjennomslag og bli høyrt som ung. I tillegg gav førebileta Lubna Mehdi, Lena Schrøder og Marit Bjørgen sine råd til deltakarane.

Viktig å ta pausar

Korleis ein kan sikre ein berekraftig borne- og ungdomsfrivilligheit utan å slite seg heilt ut vart òg diskutert.

– Det er viktig å ta pauser og kvile, slik at ein ikkje vert utslitt. Eg har mange aktivitetar og av og til kan ein bli veldig sliten. Det var fint å snakke om korleis ein kan unngå å miste motivasjonen ved å ta pausar når ein treng det, seier Selma.

I desember reiser begge to til klimakonferansen som vert arrangert under klimatoppmøtet i Polen. Der skal dei prøve å påverke politikarar og andre vaksne, i tillegg til å møte andre born frå ulike land som jobbar med miljø. Med seg i bagasjen tek dei med seg erfaringar frå konferansen.

– Det er viktig med unge leiarar som kan kome med nye perspektiv. Alder er ikkje det viktigaste for om du er ein god leiar, slår dei unge Miljøagentene fast.

Du kan òg lese om Foreningen for Muskelsykes Ungdom sine inntrykk av konferansen på bloggen deira.

Sjå bileter frå konferansen: 

 

 

 

 

 

Foto: Alexander Eriksson

#Lederkonferanse #Ta Plass #unge ledere

Publisert 19. oktober 2018

Topp