Ungdomsdelegat Mari Hasle Einang, KFUK-KFUM Global, Spire, Changemaker, Natur og Ungdom og Miljøagentene gav sine innspel til klimaminister Ola Elvestuen i forkant av klimatoppmøtet i Katowice i desember. Foto: LNU

– Ungdom må få reell og meiningsfull medverknad i klimaforhandlingane

Ungdomsdelegat Mari Hasle Einang vil at Noreg skal høyre på barn og unge under klimatoppmøtet i Katowice i desember.

I desember arrangerer Polen klimatoppmøtet COP24 i Katowice. Saman med KFUK-KFUM Global, Spire, Changemaker, Natur og Ungdom og Miljøagentene gav ungdomsdelegaten på klima Mari Hasle Einang (23) sine innspel til klimaminister Ola Elvestuen i forkant av møtet.  

Ungdomsdelegaten la vekt på at dei unge si rolle i klimaforhandlingane, og at barn og unge som ikkje er skuld i klimaendringane kjem til å måtte leve med konsekvensane. I innlegget sitt viste ho mellom anna til barnekonvensjonen og menneskerettigheitserklæringa som slår fast at barn har rett til deltaking og medverknad som likeverdige.  

– Dei siste åra har vi sett ei innsnevring av plassen til sivilsamfunnet på klimaforhandlingane. Når det vert trongt om plassane og forhandlingane vert lukka er det barn og unge som fyrst vert råka, seier Noreg sin ungdomsdelegat til klimaforhandlingane.  

Changemaker, Spire og KFUK-KFUM Global gav Elvestuen ei Jorklodesparebøsse med sine sparepengar i og teksten ‘Vi støttar klimafinansiering – bruk våre pengar ansvarleg’ Foto: LNU

Tok «Klimapraten» med over 1000 barn og unge

Til Polen tek Mari med seg innspel frå over 1000 norske barn og unge. Innspela er eit bidrag til Talanoadialogen på COP24, som er ei plattform for konstruktiv samtale, formidling av historier og auka ambisjonar. I sitt bidrag inn i Talanoa presenterer norske barn og unge konkrete krav til Noreg som vart til gjennom samtalar under «Klimapraten».

I krava lovar mellom anna barn og unge å bruke kollektivtransport, ete miljøvenleg mat og ikkje vere oljeavhengige – viss Noreg legg til rette for dette.

– Desse krava og lovnadane viser at barn og unge er bekymra for framtida, og vi er villige til å handle for å bekjempe klimaendringane, men at vi treng tilrettelegging frå staten for å kunne ta klimavalg og bidra, seier Einang.

Ungdomsdelegaten la vekt på at barn og unge må bli høyrt under klimaforhandlinga i desember. Foto: LNU

– Klimaendringane er eit urettferdigheitsproblem

Vidare meiner ungdomsdelegaten at det trengs auka klimafinansiering til tilpassing for utviklingsland som vert hardt råka av klimaendringane. Ein må innfri målet i Parisavtalen om balanse i finansiering til tilpassing og utsleppsreduksjonar.

– Vi ynskjer å handle, for vår eiga framtid, men òg for barn og unge i andre land og for framtidige generasjonar. Og vi forventer at Noreg handlar i solidaritet og arbeider for klimarettferd saman med oss!

#klima #ungdomsdelegat

Publisert 20. november 2018

Kontaktpersoner

  • Mari Hasle Einang

    Klima (Changemaker)

    482 54 405
    mari.einang@lnu.no

  • Jarle Aarbakke Tollaksen

    Politisk rådgiver, internasjonale spørsmål

    99 23 11 23
    jarle@lnu.no

Topp