NHFU opna Noregs fyrste funkisbibliotek. Foto: LNU

Funkisbibliotek – av, om og for funksjonshemma

Norsk Handikapsforbund Ungdom (NHFU) opna eit nytt «Funkisbibliotek» om, av og for funksjonshemma. – Stemmer frå og om funksjonshemma er underrepresentert i litteratur, kunst og i den offentlege debatten, seier initiativtakaren.

Det flunkande nye biblioteket vart opna med kaker og brus i Norsk Handikapforbunds Ungdom sine lokale i Oslo. Under opninga var det snorklipping og forfattar Bjørn Hatterud heldt foredrag. Han har mellom anna skrive boka «Mot normalt», og er ein av forfattarane ein kan finne i biblioteket.

Funkisbiblioteket er ope for alle som ynskjer å finne litteratur eller filmar om, av og for funksjonshemma. Ein kan låne mellom anna skjønnlitteratur, fagbøker og biografiar samt filmar. Biblioteket er universelt utforma og er ope i kontortida til NHFU.

– Det kan vere vanskeleg å finne litteratur om og av funksjonshemma. Eg visste ikkje at det var så mykje som er tilgjengeleg, seier ein av deltakarane på opninga. Samlinga av litteratur og film av, for og om funksjonshemma er det fyrste av sitt slag i Noreg.

NHFU har sjølv leita etter relevant litteratur og bestilt inn bøker. Målet er at biblioteket vil vekse og at medlemmar og andre som er innom vil kome med gode tips til bøker vi bør ha i funkisbiblioteket.

Funkisbiblioteket er støtta av LNU Kultur. Norges Handikapforbuds Ungdom er ein organisasjon av og for funksjonshemma ungdom. Dei jobbar for full likestilling for funksjonshemma.

Les meir om støtteordninga LNU Kultur her.

#NHFU

Publisert 20. desember 2018

Topp