Mari Hasle Einang var på klimatoppmøtet i Katowice som ungdomsdelegat på klima. Foto: Privat

Historiske vedtak i Katowice

Da FNs klimatoppmøte konkluderte laurdag kveld gjorde dei det med ei vag anerkjenning av FNs klimapanel (IPCC) sin 1.5 gradersrapport, og eit ambisjonsnivå som nært trakkar på målet om å halde verda under 1.5 graders oppvarming. Likevel er vedtaka fra COP24 historisk viktige.

Parisavtalen fungerer ikkje utan reglar. Da ein i 2015 vedtok Parisavtalen laga FN ein treårsplan for å fullføre regelboka til avtalen. Desse reglane skal sørge for at alle land som er med i avtalen rapporterer inn alle sine planlagte og gjennomførte kutt av utslepp, tiltak for tilpassing og tap og skade, og kva rike land har gitt og planlegg å gi i finansiell støtte til andre land.

I tillegg inkluderer reglane eit rammeverk for korleis denne informasjonen skal handterast og brukast for å finne ut korleis verda ligg an for å nå dei langsiktige måla i avtalen: At den globale temperaturauka skal haldast under 2°C og helst under 1.5°C, og at verda skal omstillast for å tåle dei klimaendringane som vi kjem til å møte.

Parisavtalen skal starte i 2020, og allereie da skal alle land melde inn nye og meir ambisiøse mål om kutt, tilpassing og finansiering. I 2023 skal tiltaka og måla evaluerast i ein samla global gjennomgang og igjen oppjusterast innan 2025.

Ein av dei store kampane i klimaforhandlingane i FN dei tre siste åra har vore diskusjonen rundt kven som har evne til å bidra, i kor stor grad dei kan bidra, kven som skal hjelpe dei som treng det og korleis ein skal hjelpe.

Heile Parisavtalen er basert på prinsippet om felles, men differensiert ansvar og statar sin kapasitet i lys av nasjonale omstende. I tillegg legg avtala til grunn menneskerettane, likskap mellom generasjonane og mellom kjønn, naturens integritet og spesielle omsyn til mennesker med nedsatt funksjonsevne, migrantar, urfolk og lokalsamfunn. Slik skal altså Parisavtalen sørge for at alle er med i kampen mot klimaendringane, og at alle bidreg etter evne og får etter behov.

Noreg har jobba for at alle land skal bidra med utsleppskutt, men anerkjenner at ikkje alle utviklingsland kan ta like mykje ansvar som mellominntektsland og utvikla land. Låginntektsland med lite utslepp skal få lov til å utvikle seg også gjennom bruken av fossil energi, men skal få hjelp fra rike land til å omstille seg, og tilpasse seg klimaendringane. Samtidig har mange oljerike land i gruppa av ‘utviklingsland’ pusha for å få kutte så lite som mogleg. Denne debatten hindra nærmast eit vedtak om reglane på COP24, men vart til slutt løyst.

Løysinga er som vanleg vagare formuleringer, færre krav og lågare ambisjonar.

Vidare seier Parisavtalen at rike land (og andre som kan) skal gi klimafinansiering til fattige land. Dette er pengar som skal gå til tiltak for utsleppskutt og grønn omstilling, tilpassing og handsaming av tap og skader skulda klimaendringane. Klimafinansiering er på eit vis betaling for historisk ansvar. Noreg har tjent seg rik på olje som er årsaka til klimaendringane, no må Noreg betale for nokre av konsekvensane dette skapar.

Problemet er at rike land ikkje vil ta på seg dette historiske ansvaret. Dei har sagt ja til å betale 100 milliard dollar i året frå 2020, men når ein diskuterer kor desse pengane skal kome frå og kva dei skal gå til vert ikkje dei oljerike så snakkesalige. I tillegg veit ein at 100 milliard dollar på langt nær er nok for å dekke behova for støtte til tilpassing, tap og skade og utsleppsreduksjonar. Og når utviklingsland kravde støtte basert på ansvar og behov vart ein nær å ikkje verte einige på COP24.

Løysinga vart igjen vagare formuleringer, færre krav og lågare ambisjonar.

Då ein i Paris i 2015 vedtok avtalen sa ein at FNs klimapanel (IPCC) skulle lage ein rapport om korleis 1.5 gradersoppvarming kjem til å påverke jorda. Denne rapporten kom ut i oktober 2018 og viste oss på nytt at verda ikkje tåler den temperaturauka vi er på veg mot. 1.5°C over førindustrielt nivå kjem til å føre enda fleire menneske på flukt, havet vil stige og verte surt, vêrsystema vert ugjenkjennlege.

Rapporten skulle legge grunnlaget for forhandlingane på COP24 og pushe verda til høgare ambisjonar og akutt handling. Men då alle verdas land møttest i Katowice skjedde det motsatte. Land som USA, Saudi Arabia, Russland og Kuwait sa nei til å ønske rapporten velkommen. Alle referanser til IPCC vart omforhandla og svekka. Sjølv om øystatane, dei minst utvikla landa, EU og nesten alle andre land i verda protesterte fekk ikkje verdas klimaforskarar anerkjenning.

Etter ei til veke med forhandlingar gjekk klimafornekterane med på å uttrykke viktigheita av IPCCs 1.5 gradersrapport i vedtaket om reglane for Parisavtalen.

Løysinga vart atter ein gong vagare formuleringer, færre krav og lågare ambisjonar.

Dette er utfallet fra FNs 24. klimatoppmøte. Vi har no reglar som gjer at Parisavtalen kan fungere i praksis. Alle land skal rapporter om kva dei har gjort og kva dei har planar om å gjere. All informasjonen skal bli brukt til å evaluere kor langt ein er fra å nå vårt felles mål om ei berekraftig verd. Det er superviktig! Utan desse reglane hadde Parisavtalen nesten vert utan verdi.

Likevel gjenstår no størsteparten av arbeidet, og vi har alle fått ansvar for å sørge for at ambisjonane aukar og at klimatiltaka vert rettferdige. Regelboka har ignorert krava og behova til barn, unge og framtidige generasjonar, fattige og utsatte grupper, urfolk, lokalsamfunn og migrantar.Reglane bidreg ikkje til ei meir rettferdig verd, men dei kan kanskje gjere det lettare for oss å endre verda sammen.

#ungdomsdelegat

Publisert 21. desember 2018

Kontaktpersoner

Topp