Organisasjonar kan søke om å bli medlem i LNU innan 25. februar 2019. Foto: LNU

Bli medlem i LNU!

Er ikkje din organisasjon medlem i LNU? I tillegg til å ta del i eit fellesskap med 97 barne- og ungdomsorganisasjonar, får organisasjonen ei rekke fordelar som medlem. Søk om å bli medlem i LNU innan 25. februar!

Saman står vi sterkare når vi kjempar for betre rammevilkår, berekraft og politisk påverknad for ungt sivilsamfunn og frivilligheit.

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar er ein paraplyorganisasjon for 97 norske barne- og ungdomsorganisasjonar, med til sammen 450.000 medlemsskap. Medlemsorganisasjonane er demokratiske og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, og representerer eit stort mangfald av aktivitetar og verdiar. På vegne av medlemsorganisasjonane våre arbeider vi med tre hovudoppgåver: politikk, kompetanse og støtteordningar.

Medlemsorganisasjonar får tilgang til gratis kurs, nettverk og kompetansemateriell innan fleire relevante tema for barne- og ungdomsorganisasjonar. Det kan vere kurs om økonomistyring, Photoshop eller GDPR i LNU sine lokale i Oslo, eller så kan ein låne ein LNUer til å gjennomfør kurs for organisasjonen.

I tillegg får medlemmane demokratiske rettar i LNU. Det betyr at ein får vere med å påverke politikken vi utformar og gjennomfører. Vi arbeider mellom anna for betre rammevilkår for barne- og ungdomsorganisasjonar, ein enklare og mindre byråkratisk kvardag for unge frivillige og større medverknad for unge. Les meir om fordelane av å vere medlem under.

Alle organisasjonar som ynskjer å knyta til seg LNU må vere frivillige, sjølvstendige, demokratiske og landsomfattande organisasjonar av barn og ungdom som arbeider for barn og ungdom. Organisasjonen må òg anerkjenne vedtaka og langtidsprogrammet til LNU.

Meir informasjon om korleis organisasjonen kan søke medlemskap i LNU finn du her. Ta gjerne kontakt for å høyre meir om kva som krevst for å bli medlem i LNU.

Medlemsfordelar

Demokratiske rettar i LNU:

  • Full deltaking på Barne-og ungdomstinget med stemmerett i alle saker og moglegheit til å melde inn mellom anna saker og resolusjonar.
  • Foreslå kandidatar for val til styre
  • Moglegheit til å oppnemne kandidatar til arbeidsutvalg og komitear i LNU
  • Moglegheit til å oppnemne kandidatar til å delta i tildelingsutval for dei ulike støtteordningane

Moglegheit til å påverke politikken LNU utformar og gjennomfører:

  • Spele inn saker og perspektiv til strategi og arbeidsprogram
  • Vere med å løfte viktige saker for din organisasjon i LNU
  • Delta i kampanjearbeid om nord-sør-spørsmål og utveksling.
  • Delta og påverke demokratiarbeidet for å auke barn og unge si makt og påverknad som til dømes stemmerett for 16-åringar

Kompetanse:

  • Gratis tilgang til alle kurs som haldast vår og haust
  • Tilgang til ordninga «Lån en LNUer» der organisasjonen kan låne spisskompetanse innan ulike felt til foredrag og organisasjonsutvikling – heilt gratis!
  • Tilgang til leiarnettverk for styret i organisasjonen
  • Moglegheit for råd og rettleiing i konfliktsaker internt eller ved kriser i organisasjonen som overgrep eller ulykker
  • Tilgang til alt av LNU sitt kompetansemateriell innan økonomi, styrearbeid, Trygge organisasjonar, beredskapsplanlegging m.m.

Moglegheit til å delta i ulike prosessar som LNU står for:

Bruk av LNU sine nettsider og nyhetsbrev:

  • Avertere stillingsutlysningar
  • Dele nyhetssaker

Publisert 15. januar 2019

Kontaktpersoner

  • Cecilie Prebensen

    Organisasjonsrådgiver, nettverk og utvikling

    23 31 05 82
    cecilie@lnu.no

Topp