- Det er viktig at også unge stemmer får plass på Arendalsuka, og det er vi glade for at arrangørane er samde i, seier generalsekretær i LNU Andreas Borud.

LNU fortsett samarbeidet med Arendalsuka

LNU og Arendalsuka signerte onsdag ei samarbeidskontrakt for Arendalsuka 2019. Avtala gir LNU moglegheit til å tilby billig overnatting og gratis scene til våre organisasjonar samt lokale der medlemmane våre kan kome for å jobbe eller slappe av under ei hektisk veke.

– Målet er at LNU kan støtte opp om og gi ein plass til våre medlemsorganisasjonar, side om side med Noregs mektigaste, politiske aktørar. Det er viktig at også unge stemmer får plass på Arendalsuka, og det er vi glade for at arrangørane er samde i, seier generalsekretær i LNU Andreas Borud.

LNU og Arendalsveka håpar at tilbodet kan fremje unge stemmer under eit av Noregs største politiske arrangement. Ofte er overnatting og lokale til arrangement booka i lang tid i forvegen, og for nokre organisasjonar ville det vore umogleg å delta utan dette tilbodet.

Mange barne- og ungdomsorganisasjonar er van til å jobbe med mindre ressursar enn dei ein prøvar å påverke. Med dette tilbodet ynskjer LNU å vere med på å utjamne forskjellane litt.

Vil ha unge stemmer med i debatten

For LNU er det viktig at barne- og ungdomsorganisasjonane ikkje berre er til stade på Arendalsuka, men at dei også vert lytta til. Derfor har LNU utvikla ein katalog over unge talspersonar, for å synliggjere alle dei dyktige unge stemmene som bør få meir plass i samfunnsdebatten.  

– Ungdom må inviterast og få delta på dei same premissane som andre i debatten. Vi oppfordrar derfor alle som planlegg å ha arrangement på Arendalsuka å besøke katalogen vår, og til å tenke gjennom korleis dei kan sikre at unge sine perspektiv vert tatt vare på i deira arrangement.

Vi er veldig glade for samarbeidet med Arendalsuka og ser fram til å samen løfte fram barn og unge sine stemmer også i årets program.

Sjå LNU sin katalog over unge talspersonar her.

#Arendalsuka

Publisert 16. januar 2019

Topp