- Eg ser fram til å samarbeide med den nye barne- og familieministeren om å gi endå fleire barn og unge ei meiningsfylt fritid, seier LNU-leiar Rode Hegstad. Foto: Jarand Ullestad/LNU

Håpar den nye barne- og familieministeren prioriterar den unge frivilligheita

Leiar i LNU Rode Hegstad hadde med blomar og store forventningar om betre rammevilkår og meir frie midlar til den unge frivilligheita då ho møtte Kjell Ingolf Ropstad, den ferske barne- og familieministeren, på Slottsplassen på tysdag.

– Vi håpar at den nye barneministeren vil prioritere barne- og ungdomsorganisasjonane slik at alle barn får moglegheita til å delta på fritidsaktivitetar, seier LNU-leiar Rode Hegstad.

Dei siste ti åra har barne- og ungdomsorganisasjonane vakse med 100 000 medlemskap. Det betyr at endå fleire barn får delta i meiningsfulle fritidsaktivitetar, men det legg også større press på organisasjonane i form av administrasjon.

Den nasjonale grunnstøtta og Frifond Organisasjon er to av støtteordningane som er svært viktig for mange organisasjonar. Dessverre aukar ikkje tilskotet til organisasjonane i takt med medlemsveksten, noko som har ført til at organisasjonar får nesten 15 prosent mindre i tilskot per medlem enn dei gjorde i 2013.

– At organisasjonane veks er eit bevis på den fantastiske innsatsen frivillige legg ned for å skape aktivitet for barn og unge over hele landet. Eg fryktar denne veksten vil stoppe opp viss denne trenden held fram, og at færre barn og unge får moglegheita til å delta på fritidsaktivitetar.

Vidare peikar LNU-leiaren på at Krf lenge har vore ein viktig alliert for barne- og ungdomsorganisasjonane, noko som skapar store forventningar når dei no får ansvaret for eit viktig departement for den unge frivilligheita.

– Eg ser fram til å samarbeide med den nye barne- og familieministeren om å gi endå fleire barn og unge ei meiningsfylt fritid. Barne- og ungdomsorganisasjonane er ein arena der barn og unge kan dyrke sine eigne interesser på sine eigne premissar. Det er noko heilt unikt og noko vi må ta vare på, avsluttar Hegstad.

Publisert 22. januar 2019

Kontaktpersoner

  • Rode Margrete Hegstad

    Leder (Frikirkens barn & unge)

    41 72 52 30
    rode@lnu.no

Topp