Under barne- og ungdomstinget (BUT) 2019 skal vi vedta nytt Barne- og ungdomspolitisk program og endringar i vedtektene.

Høyring om barne- og ungdomspolitisk program og endringar i vedtektene

Under barne- og ungdomstinget (BUT) 2019 skal vi vedta nytt Barne- og ungdomspolitisk program og endringar i vedtektene. Vi vil gjerne høyre kva våre medlemsorganisasjonar meiner!

Barne- og ungdomstinget er den viktigaste arenaen for våre medlemsorganisasjonar til å påverke LNU sitt arbeid. Der skal vi finne ut kva politiske saker vi som ung frivillighet er einige om, og kva saker de vil at vi skal fremje på dykkar sine vegne.

Barne- og ungdomspolitisk program er det politiske dokumentet som LNU jobbar etter. Det store spørsmålet som har blitt diskutert i arbeidet med 2019-programmet er kva LNU si politiske rolle skal vere.

– LNU kan vere ein viktig meiningsberar i spørsmål knytt til rammevilkår, demokrati og medverknad. I andre samanhengar kan det derimot vere lurt at LNU primært meiner noko om kva, men ikkje går i detaljane knytt til korleis, som til dømes i saker som handlar om barn og unge i berekraftsmåla og andre aktuelle saker, seier LNU-leiar Rode Hegstad.

16-årige folkevalte

Av konkrete enkeltsaker, er det særleg eit endringsforslag LNU-leiaren trekk fram.

– Ei sak eg håpar det vert debatt om er forslaget om at 16-åringar også skal ha moglegheit til å stille til val, ikkje berre ha stemmerett. Vi ynskjer å endre dette slik at aldersgrensa for valbarheit til folkevalte verv samsvarar med stemmerettsalderen som LNU ynskjer skal vere 16 år.

Vidare peikar ho på at programmet løftar fram viktige saker for den unge frivilligheita, som frie midlar, enklare tilgang til lokale og forenkling for barne- og ungdomsorganisasjonane.  

Vil ha breiare representasjon

I LNU sine vedtekter finn vi både reglar for kven som kan bli medlem i LNU, kva rettar dei ulike medlemskategoriane har, og korleis LNU er organisert. Det er særleg reglane for medlemsskap som er foreslått endra i endringsforslaga til BUT 2019.

– Det er mellom anna forslag om at det skal vere mogleg for alle LNUs medlemsorganisasjonar, òg observatørmedlemmane, å nominere kandidatar til LNU sitt styre og andre organ. Det vil opne opp for representasjon frå eit breiare spekter av LNU sine medlemsorganisasjonar.

Blant endringane trekk ho også fram forslaget om å heve kravet om like demokratiske rettar for alle medlemmar frå 12 til 15 år. Det vil gjere LNU sin praksis på dette området konsekvent, då det er kravet i både retningslinjene for Frifond Organisasjon og grunnstøtta frå Bufdir.

– Vi vil at alle medlemmer skal ha like demokratiske rettar, men vil samtidig at retningslinjene våre skal vere så enkle og konsekvente som mogleg. Vi landa på å foreslå å heve kravet fordi barn frå 15 år har ein absolutt rett til å melde seg inn i og ut av organisasjonar etter barnelova og barnekonvensjonen. Forslaget er eit minstrekrav, så det er viktig å understreke at det er fullt mogleg å gi like demokratiske rettar til alle medlemmar viss organisasjonen ynskjer det.

Dokumenta som er på høyring finn du nedst på sida. Høyringssvar på endringar i vedtektene sendast til vedtekter@lnu.no og høyringssvar om barne- og ungdomspolitisk program sendast til bup@lnu.no innan 15. februar!

Publisert 22. januar 2019

Kontaktpersoner

  • Rode Margrete Hegstad

    Leder (Frikirkens barn & unge)

    41 72 52 30
    rode@lnu.no

Topp