Bli etableringsmedlem i LNU!

Lyst til å bli med i LNU? Men oppfyller ikkje krava til vanleg medlemskap? Då kan din organisasjon bli etableringsmedlem!

Vi ynskjer å ta vare på og fremme mangfaldet av barne- og ungdomsorganisasjonar, og at så mange organisasjonar som mogleg er med i LNU-fellesskapet. Etableringsmedlemskap er for organisasjonar som ikkje oppfyll krava for ordinært medlemskap, men som ynskjer å vere med i dette fellesskapet med nesten hundre andre barne- og ungdomsorganisasjonar.

Som etableringsmedlem får ein mange av dei same fordelane som vanlege medlemar, i tillegg til at ein får oppfølging frå våre dyktige rådgjevarar til å utvikle organisasjonen. Målet for etableringsmedlemskap er å utvikle organisasjonen slik at de tilfredstille krava til ordinært medlemskap innan tre år.

Som etableringsmedlem i LNU får organisasjonen tilgang til gratis kurs, nettverk og kompetansemateriell innan fleire relevante tema for barne- og ungdomsorganisasjonar. Ein kan også låne ein LNUer til å halde foredrag for organisasjonen om ulike former for organisasjonsarbeid, styrearbeid, kommunikasjon eller andre ting som er relevante i organisasjonslivet.

I tillegg får organisasjonen vere med å påverke politikken vi utformar og gjennomfører. Vi arbeider mellom anna for betre rammevilkår for barne- og ungdomsorganisasjonar, ein enklare og mindre byråkratisk kvardag for unge frivillige og større medverknad for unge.

Alle organisasjonar som ynskjer å bli medlem i LNU må vere frivillige, sjølvstendige, demokratiske og landsomfattande organisasjonar av barn og ungdom som arbeider for barn og ungdom. Organisasjonen må òg anerkjenne vedtaka og langtidsprogrammet til LNU.

Fristen for å søke om å bli etableringsmedlem i LNU er 25. februar. Ta gjerne kontakt med organisasjonsrådgjevar for meir informasjon og rettleiing i søknadsprosessen.

Publisert 28. januar 2019

Kontaktpersoner

  • Cecilie Prebensen

    Organisasjonsrådgiver, nettverk og utvikling

    995 91 190
    cecilie@lnu.no

Topp