Norges Ungdomslag ynskjer at fleire unge folkedansarar. Foto: LNU

Folkedans på Ammerud

Med eit unikt, nytt stemnekonsept, repertoar og pedagogisk opplegg, ynskjer Noregs Ungdomslag å dyrke fram ein ny generasjon folkedansarar i Osloområdet.

Norges Ungdomslag, i samarbeid med ei rekke partnarar, vil blåse nytt liv i folkemusikk- og folkedansmiljøa for barn i hovudstaden. Med eit nytt stemnekonsept, og eit omfattande rekrutteringsarbeid, ynskjer dei å samle barn og unge i alderen 6 – 18 år på ein nasjonal sommarleir sommaren 2019.

Ein av frasane som vert brukt til å skildre prosjektet er «høg kvalitet – låg terskel». Målet er at prosjektet skal gje eit tilbod av høg kvalitet, samtidig som inngangsbilletten er låg – både økonomisk og sosialt.

For å få deltakarar utan bygderøter og med minoritetsbakgrunn, samarbeidet dei med Den mangfoldige scenen (DMS) i Oslo. DMS har medlemmar frå alle kulturelle og sosiale miljø i Oslo, samstundes som dei har eit sterkt forhold til folkedans og folkemusikk.

Prosjektet er støtta av LNU Kultur, som er ei prosjektstøtteordning som gjev støtte til nye kulturprosjekt i barne- og ungdomsorganisasjonar.

Neste søknadsfrist er 15. mai. Les meir om støtteordninga her!

#LNU Kultur

Publisert 26. februar 2019

Kontaktpersoner

  • Liv Hauge Norheim

    Avdelingsleder, avdeling for forvaltning

    23 31 06 05
    liv@lnu.no

Topp