LNUs ungdomsdelegat på klima, Sofie Nordvik (i midten) med Kronprins Haakon og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide. Foto: Sofie Nordvik

Unge satt stemninga på klimatoppmøtet i New York

Sofie Nordvik er Noregs ungdomsdelegat på klima og har deltatt på FNs klimatoppmøte i New York. Her er hennar tankar om korleis det var å møte verdsledarar, og kva som må til for å takle klimakrisa.

«Verda ville sett annleis ut om unge styrte politikken», opna eg med, i panelet med Kronprins Haakon og Nobels fredssenter. Verdsleiarane samla seg på oppdrag frå FNs generalsekretær António Guterres, med mål om å auke klimaambisjonane. Som ungdomsdelegat for Noreg, var mitt mål å løfte unge stemmer inn i denne samtalen.

For meg var det stort å ha med klimaløysingar frå barn og unge frå heile Noreg i møte med folk som Al Gore, Erna Solberg, Ine Eriksen Søreide, Stefan Löfven og Bill Gates. I løp av dagane i New York var eg med på klima- og miljøminister Ola Elvestuens møter med ulike land der dei prata om samarbeid på klimafronten. Eg deltok på middagar med politikarar og organ i FN, og gjorde mitt beste for å få fram tankar, krav og perspektiv frå unge.

Sofie Nordvik med klima- og miljøminister Ola Elvestuen. Foto: Sofie Nordvik

Klimastreiker over hele verden

7 millionar streika for klimahandling og sendte med dette ein viktig beskjed til verdsleiarane. Berre i New York streika over 300 000 menneske saman med Greta Thunberg. Over heile verda organiserte Greta-er streikar med krav til sine politikarar. Mange unge krevjar pengar til klimatiltak, kutt av klimagassutslepp i tråd med 1,5-gradersmålet og stans av nye oljelisensar. Greta Thunberg opna FN-møtet med forsking og kjensler som klandra verdsleiarane for ikkje å handle.

Under toppmøtet møtte eg Bill Gates, og spurte om hans tankar om forholdet mellom finansiering til utsleppskutt og klimatilpassing. I følgje Parisavtalen skal dette vere balansert, men i praksis er klimatilpassingssida svært underfinansiert. Gates har saman med tidligere generalsekretær i FN Ban Ki-moon, og den globale kommisjonen for klimatilpassing, lansert «The Year of Action».

Her oppfordrast alle sektorar og statar til å bidra med meir pengar dei neste 12 månadane til dei mest sårbare for klimaendringar og som derfor må tilpasse seg nye forhold. «Dette handlar om matsikkerheta for framtidige generasjoner» seier Ban Ki-moon. Bill Gates meiner alle må bidra meir. For første gong på 6 år bidreg Noreg til tilpassingsfondet som er med å sikre dette, med 50 millionar.

Ungdom har løysingane

Tida er over for å takke unge for engasjement. No er det på tide å ta løysingane til unge på alvor. Saman med klima- og miljøminister Ola Elvestuen, skreiv eg under på ein avtale i New York om at unge skal vere med på å lage dei nasjonale klimamåla til Noreg. Om vi skal nå klimamåla våre treng vi alle dei beste løysingane på bordet. Då er det viktig at vi unge er med på å skape vår framtid.

Sofie Nordvik underskrev avtale med klima- og miljøministeren. Foto: Sofie Nordvik

Det viktigaste som kom ut av møtet i New York var at Russland skreiv under på Parisavtalen, at nokre land fann fram meir pengar til klimahandling og at ein del utviklingsland lova å kutte utslepp gjennom nasjonale planar.

I løp av 2020 skal land sette klimamål og sende dei til FN. For å nå 1,5-gradersmålet i Parisavtalen er vi avhengige av at alle aukar sine ambisjonar kraftig. Dagens politikk peikar oss mot 3-4 graders oppvarming med ekstreme konsekvensar, særleg for dei som lev i fattige kår og er mest sårbare for klimaendring. Mange er skuffa over møtet i New York.

FN har ikkje forandra det faktum av verda ville sett annleis ut om unge hadde styrt politikken. Unge spør ikkje lenger om handling, unge krevjar at leiarane handlar som om det var unge som satt i deira stol. Det kommande året vil vise om politikarane tek med seg klimaløysingane frå unge inn i faktisk politikk.

Verda møtast igjen i desember

I desember møtast vi igjen. Då skal verdas land møtast for dei årlege klimaforhandlingane. På mellomforhandlingane eg deltok på i juni fekk vi gjennom at fokuset på unge skal styrkast på forhandlingane i Chile i desember.

FN skal sikre at unge både er representert og at unge meiningar skal verke inn på diskusjonane. Dette er det neste steget mot å sette i gong Parisavtalen i 2020. Eg ser fram til å ta med meg innspel frå det unge sivilsamfunnet også inn i desse forhandlingane!

#FN #FNs klimatoppmøte #New York #reisebrev #ungdomsdelegat #ungdomsdelegat på klima

Publisert 22. oktober 2019

Kontaktpersoner

  • Thea Willoch Njaastad

    Politisk rådgiver, internasjonale spørsmål

    97 07 43 39
    thea@lnu.no

Topp