Nye ressursar hos LNU Bærekraft

Nettsida til LNU Bærekraft har fått ei oppgradering.

No har nettsida til LNU Bærekraft fått ei oppgradering – nemleg ein ressursbank med aktivitetar og eksterne ressursar, samt ei side med kurs i berekraftsmåla som ein anten kan ta sjølv eller halde for andre i organisasjonen!  

I ressursbanken finn du aktivitetskort med inspirasjon til ulike tips ein kan innføre i organisasjonen, leikar ein kan arrangere og gruppeøvingar som kan føre til at organisasjonen får auka kunnskapar om FNs berekraftsmål. På kurssida finn du interaktive kurs du kan ta for å auke dine kunnskapar om berekraftsmåla, samt informasjon om korleis du kan gjennomføre kurs for andre i organisasjonen din om relevante tema. Dersom din organisasjon har ressursar om berekraft som vi bør fronte, ta kontakt med sofie@lnu.no. 

Bruk ressursane for å auke kunnskapane i organisasjonen kring FNs berekraftsmål, eller dersom du sjølv gjerne skulle fått tips og innspel til korleis ein kan vere meir berekraftig i kvardagen!

LNU Bærekraft

Publisert 3. november 2021

Topp