Til hovedinnhold

Tips til interne retningslinjer

Her kan du finne tips til interne retningslinjer.

Organisasjonens interne retningslinjer skal innehalde ein del obligatorisk informasjon, som ein finn under punkt 6 i Frifond organisasjon sine retningslinjer.

Ein kan i tillegg til desse punkta ha med annan informasjon som det er gunstig for den enkelte organisasjonen å ha med. På denne sida kjem vi med ein del tips kring korleis retningslinjene kan bli best i bruk, for både sentralledd og lokallag. 

  1. Skriv konkrete eksempel for kva ein kan bruke pengane på som er relevante for lokallaga i akkurat din organisasjon. Vi ønsker at terskelen for å bruke Frifond organisasjon-midlar skal vere låg. Dersom ein legg fram konkrete eksempel på kva pengane kan gå til kan dette gjere at pengane i større grad vert brukt opp. Eksempel på lågterskel aktivitet som er vanleg ute i organisasjonane er for eksempel pizzakveld for medlemmar, leige av lokalar, kveldsmat etter korøving osv..
     
  2. Ha så korte og konkrete retningslinjer som overhodet mogleg for din organisasjon. Dersom ein ønsker å ha eit årshjul eller interne rutiner i tillegg til retningslinjer, bør dette vere separate dokument. Husk at dei interne retningslinjene er det lokallaga som skal forhalde seg til. Intern praksis som sentralleddet har treng difor ikkje vere ein del av desse retningslinjene.
     
  3. Når ein beskriv korleis ein skal dele ut pengane, kom gjerne med eksempel på tal for å vise heilt nøyaktig korleis prosessen er. Dersom ein får X antall pengar, og delar ut til lokallaga basert på kor mange medlemmar eit enkelt lokallag har delt på antall lokallag i organisasjonen totalt, vis reknestykket. Dette gjer ordninga so transparent og gjennomsiktig som vi ønsker at den skal vere.
     
  4. Annonser gjerne til lokallaga når dei interne retningslinjene skal opp til revidering hos styret (eller det demokratiske organet som vedtek desse). Gi dei ein sjans til å kome med innspel! Dette er bevistgjerande og kan bidra til at ein føler større eigarskap kring ordninga.
     
  5. Ha eit eige punkt der ein oppsummerer dei ulike fristane som lokallaga må forhalde seg til i løpet av året. Denne informasjonen kan forsvinne litt i all teksta undervegs. Dersom ein har eit digitalt system der søknad og rapport dukkar opp, henvis til desse.  

Kontaktpersoner

Halvard Strømme Wersland

Organisasjonsrådgiver, Frifond organisasjon
23 31 05 81