Til hovedinnhold
Illustrasjon: Ingrid Rognstad

Frifond brukerseminar – fysisk kurs

xxx
7.02.2023 (12:00 – 15:00)

Brukerseminar i Frifond organisasjon er eit obligatorisk kurs kvart år for dei som forvaltar Frifond organisasjon. Ein representant frå organisasjonen må difor delta på kurset for at ein skal vere støtteberettiga. Vi registrerer oppmøte.

Brukerseminar i Frifond organisasjon er eit obligatorisk kurs kvart år for dei som forvaltar Frifond organisasjon. Ein representant frå organisasjonen må difor delta på kurset for at ein skal vere støtteberettiga. Vi registrerer oppmøte.

Ein treng berre delta på enten det fysiske eller det digitale brukerseminaret, så meld deg berre på eitt av desse!

Sidan vi tilbyr digitalt kurs vil LNU i utgangspunktet ikkje dekke reise for deltaking på fysisk kurs. Ta kontakt med sofie@lnu.no dersom du av særskilte grunnar ønsker å delta fysisk og treng støtte til å reise.

På dette kurset

  • Går vi gjennom endringar i retningslinjene sidan sist brukarseminar.
  • Går vi gjennom konkrete områder i retningslinjene som mange opplever som utfordrande.
  • Går vi gjennom områder i søknadsportalen som mange opplever som utfordrande.

Slik føregår kurset

Kurset er den 7 februar 2023 frå 12-15 på Frivillighetshuset på Tøyen, i 7 etasje på møterom K1. Den siste timen av kurset vil vere ein frivilleg, open spørjetime for dei som har spørsmål som kan vere nyttig å ta opp i plenum. I tillegg kjem det andre tilsette frå LNU innom, blant anna for å opplyse om LNUs kurstilbod.

Kurset passar for

Alle dei som er ansvarlege for å forvalte Frifond organisasjon i sin organisajon er velkomne på dette kurset. Dersom ein er fleire i ein organisasjon med ansvar for ulike oppgåver knytt til forvaltninga, eller som berre er nysgjerrige på ordninga, er så klart fleire velkomne.

Kursholdar

Sofie Kvalsund-Grødahl, organisasjonsrådgjevar Frifond organisasjon.

Praktisk informasjon

7 februar, oppmøte frå 11:30-15:00, i Frivillighetshuset på Tøyen, K1. Her blir det enkel servering. Det vert sendt meir detaljert informasjon om kurset til dei som melder seg på når det nærmar seg. Påmeldingsfrist er 31. januar 2023.

Målgruppe: tilsette eller frivillige i eit sentralledd av ein organisasjon som jobbar med forvaltning av Frifond organisasjon.

Påmelding