Til hovedinnhold
Norsk Målungdom (NMU-må)

Skrivar

Oslo
xxx
Fast stilling, Fulltid
31.05.2023

Norsk Målungdom er ein landsfemnande ungdomsorganisasjon som jobbar for at alle skal ha høve og rett til å bruke dialekta si og å skrive nynorsk. Som skrivar er du ansvarleg for det administrative arbeidet som krevst for å drive organisasjonen. Vi er om lag 1200 medlemer fordelt på lokallag over heile landet.

HOVUDOPPGÅVER

  • Som skrivar vil hovudoppgåvene dine vere det administrative i organisasjonen, mellom anna det daglege økonomiarbeidet, og arbeid med medlemene våre og lokallaga.
  • Du vil òg arbeide mykje med dei sosiale media våre, nettbutikken vår, og du vil vere arbeidsgjevar for ein kontormedarbeidar som skal vere med å avlaste deg i det daglege arbeidet. Du vil i hovudsak arbeide tett med dei andre tilsette på kontoret i Oslo.
  • Arbeidsspråket er nynorsk.
  • Kjennskap til rekneskapsarbeid er eit pluss, men ikkje eit krav for stillinga. Det kan bli aktuelt med noko reising.

VI SØKJER DEG SOM

  • har røynsle med administrativt organisasjonsarbeid
  • har røynsle med økonomiarbeid
  • jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert
  • samarbeider godt, er ein god lagspelar og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • er kreativ og ikkje redd for å dele idear
  • har høg arbeidskapasitet
  • kan nynorsk godt

VI KAN TILBY

  • godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  •  fleksibel arbeidstid og ein kontorplass i Oslo sentrum
  •  opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver
  • pensjonssparing og felles lunsjordning
  • verdas beste sak!

Skrivarstova held til i Lilletorget 1, 0184 Oslo. Det er tre folk på skrivarstova i Norsk Målungdom: leiar, skrivar og kontormedarbeidar. No søkjer vi ny skrivar og kontormedarbeidar.

Søknadsfristen for båe stillingane er 31. mai, med ønske om tiltreding frå august, men vi er fleksible og tilpassar kva som fungerer for deg.

Desse to stillingane utfyller kvarandre monaleg, og nokre av oppgåvene kan gjelde både skrivar og kontormedarbeidar.

Vi oppmodar deg som er under 26 år til å søke, men vi vurderer alle søknader. Stillinga er 100 prosent, med løn på statens lønstrinn 25. I søknaden skriv du litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kva tankar du gjer deg om jobben.

Send søknad og CV til tobias@malungdom.no.

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Nettsted: https://malungdom.no/

Flere stillinger

Frikirkens Barn og Ungdom (FriBU)

Ung voksen konsulent

xxx
Etter avtale
xxx
Fast stilling, Deltid
xxx
1.09.2024
Frikirkens Barn og Ungdom (FriBU)

Speiderkonsulent

xxx
Etter avtale
xxx
Fast stilling, Deltid
xxx
1.09.2024